Sklitakling - Naturlig

Eg har sagt det mange, mange gonger før, men eg seier det ein gong til; den norske undergrunnen er fantastisk. Noko av det best eg veit er å oppdaga råbra musikk derifrå! Ikkje berre er det så mykje forskjellig, men det er så utruleg mykje bra og viktig som blir gitt ut om dagen.

Sklitakling er eit slikt band.

Foto: Ida Charlotte Brønn

Gruppa er basert i Bergen og består av Elizabeth Fonnes på gitar, Catharina Teigland på bass/gitar, Hedvig Thorkildsen på gitar og Tine Larsen på trommer. Eg trur dei deler på å synge.

Dei beskriv seg sjølv som punk blanda med forvrengt fartspop, rista og rørt saman med garagerock og post-punk. Bandet slapp den sjølvtitulerte debut EP-en i 2014, og har hatt nokre rolege år sidan. No er dei tilbake, klare for å fylle øyrene dine med ny musikk!

I det siste har dei hittil gitt ut låtane “Naturlig” og “Søster”. Begge to er stappa med deilig, fuzzete riffing og rå vokal på bergensk dialekt. Eg må dra fram førstnemnde som min favoritt hittil. Den er så steike tøff og så hinsides forbanna. Dette er sint punk på sitt beste! Låta er i tillegg så fengande at eg blir sugd inn i kvar einaste tekstlinje, kvar einaste tone og kvart einaste riff. Det må også seiast at bassen er så grom og digg at det buldrer i mellomgolvet.

Dette er ei av dei låtane som er viktig at du faktisk høyrer på. At du set deg ned og tek inn bodskapet, at du fokuserer og faktisk høyrer etter. Ta det til deg! Eg har lånt eit utdrag av teksten (den snakkar for seg sjølv) frå Sklitakling sin Bandcamp, link finn du nederst i saka;

Det renner løgner ut av kjeften din
når du snakker om rettferdighet
når du sier at alle er velkommen
i ditt hus

Du bærer kors rundt halsen din
og du er klar til å nagle fast
alle som lider av feil type kjærlighet

Du kaller det sodomi
Du kaller det blasfemi
Eg kaller det
naturlig
Du kaller det sodomi
Du kaller det blasfemi
Eg kaller det
Naturlig

Du gjør din tro diskriminerende,
lite inkluderende
med boken i hånden og homoterapi
Du må tenke igjen
er det kjærlighet du tror på,
er veien så smal at det kun er plass til mann og kvinne?
Skal de andre forsvinne?

“Naturlig” er ein av dei beste og mest viktige sangane eg har høyrt. Vær så snill - sjekk ut både den og det andre Sklitakling har gitt ut, følg med på dei vidare og støtt opp!

https://backtobeat.bandcamp.com/album/vi-har-h-rt-det-f-r-del-1

Patrick Fardal