Varm stemning i kulda - FOAMMM på TÆPS 23.11

FOAMMM på lydsjekk

Det var som at været i plankebyen visste at FOAMMM skulle ta turen i dag. Eg tok den nydelege byferja vår på måroen, og solskinnet var til å ta og kjenna på! Temperaturen var jo heller ikkje så ille som den har vore dei siste dagane. Dei som veit om FOAMMM frå før, veit at dei skapar ein enorm varme når dei speler live. Kva er det som passar betre når sjela er litt kald og kjip enn å varma seg opp med litt deilige riff på ein laurdags føremiddag? Absolutt ingenting. Turen gjekk rett til TÆPS.

Det som er så digg med FOAMMM er at dei beveger seg så fint innimellom fleire sjangrar. Psych, shoegaze, slacker. Denne miksen blir perfekt håndtert - spesielt live. Frå varme, rolege riff og avslappande og trollbindande vokal i det eine augeblikket, til ein enormt kraftig vegg av lyd som pakkar deg inn. Det hjelp også at bandet er fylt til randen med fine folk! Som fersk i booking-gamet er det ein fryd å få ein slik gjeng på besøk. Alt er liksom lett å fiksa - ting ordner seg. Og oppå det heile har jo TÆPS ein heilt rå lydtekniker bak spakane - Dag Kopperud. Lydsjekken var digg!

Foto: Ole Magnus Nord Johansen

Uansett då; Konserten starta rundt 16. Eit smell utan sidestykke runga ut i lokalet! Underteikna stilte seg godt framfor scena saman med ein solid gjeng menneske. Det er jo som du hadde forventa deg - ein vegg av deilig, trygg og varm lyd. Ein lyd som knekte seg inn i kvart einaste øyre. Stemma til vokalist Chiara la seg fint i lufta saman med resten av instrumenta. Gitarane la seg så utruleg godt oppå alt anna - og for ein fryd det var å sjå trommis Mikkel halde styr på det heile samtidig som han leika seg bortover låtane med presise slag.

Det publikum fekk servert denne kvelden var ein overvekt av Shoegaze. Altså - ein solid dose med psych og slacker også altså - men det er ingen tvil i hjartet mitt eller øyrene mine om at FOAMMM set beina sine meir på Shoegaze-stien. Dette gleder hjartet mitt meir enn eg kan beskriva!

Mest sannsynleg får me servert meir frå FOAMMM snart. Det ser eg fram til! I mellomtida var det utruleg sterkt å få sjå denne gjengen igjen. Takk for ein råfin konsert, og takk for at de avslutta med ei låt dedikert til Palestina! Heltar <3

Ser fram til neste gong!

Patrick Fardal