Feral Nature - Rituals
Utan å gå i detaljar har eg hatt det heilt for jævlig dei siste vekene. Eg har slete med å halda hovudet over vatn, om du fattar. I slike situasjonar har alltid musikk vore redninga for meg - det gjeld også denne gongen.
Feral Nature består av Selma Bahner på vokal, Rob Hamilton på gitar/vokal, Will Morris på bass/vokal og Mathias Myren på trommer. EPen Rituals kom ut her om dagen, og er noko av det mest sjelsettande og forløysande eg har høyrt på alt, alt for lenge. Det er eit så sjukt bra gjennomført stykke arbeid at det ikkje kan beskrivast godt nok. Det er noko eige å få heile pakka, liksom. Du har jo som meg høyrt smakebitar her og der, men noko skjer med deg når du får det heile servert. Puslespelet blir komplett, og kjenslene blir endå sterkare. Eg tok med meg denne på tur i skauen her ein kveld, med hovudlykt og bikkje. Det var iskaldt og forferdeleg stemningsfullt - eg har eigentleg ikkje opplevd liknande sidan eg høyrte “At the heart of winter” av Immortal på fjellet i ungdomstida.
Rituals gjer at eg joggar litt kjappare, spinner litt hardare på sykkelen og at det jævlige blir litt mindre jævlig. Det er eit kunststykke i seg sjølv.
Eg pleier alltid å masa om vokalen, riffa, bassen og trommene. Men på denne EPen - måten det er gjort på, gjer at alle delar utfyller kvarandre. Vokalen er som eit illsint godstog som knusar seg framover i 100 og helvete i full kollisjonskurs med deg. Riffa er kolet som fyrer det heile opp. Bassen og trommene sørger liksom for at det heile går i stødig og bestemt takt, om du skjønar kva eg meiner. Uansett endar alt på same plass - ein ufatteleg sterk krasj rett inn i sjela di. Ein krasj eg håpar du også opplever - for du kjem deg heilskinna gjennom det - berre litt rolegare på andre sida. Feral Nature er terapi.
Takk!
Patrick Fardal