JOYLESS - Friends
Veit du kva? Det første som slo meg når eg høyrte JOYLESS var at det likna på Death By Unga Bunga. Men etter å ha kosa meg glugg ihjel med deira nye EP Friends nokre gonger, så sit eg att med så mykje meir! Eg sit att med at Death By Unga Bunga og White Reaper (The World´s Best American Band-perioden frå 2017, ikkje dei nye greiene) stakk på studietur saman med Hüsker Dü, King Tuff og The Replacements. Ut av dette kom JOYLESS. DET, det kan eg lika.
Dette er powerpop så bra som du får det - frå øvste hylle, toppen av kransekaka, heilt der oppe i solskinnet. For ja, denne EP-en kunne jo ikkje ha kome på eit betre tidspunkt. Varmen er på plass, kveldssola er digg, koteletten ligg på grillen og badebuksa har fått køyrt seg nokre gonger allereie. Men det handlar ikkje berre om bra timing her, altså. Dette er eit knippe med botnsolide låtar. Gitaren er på plass, akkurat passe skurrete. Vokalen er syrleg og “klassisk powerpop-ish”, slik den må være for å passa inn i greia. Stemninga er lett, kjapp og alt anna enn kjedeleg. Trommene bankar deg stødig bortover, bassen triksar og leikar seg her og der og du kan berre lena deg tilbake og nyta. Koringa er også heilt knall! Allsang og heile pakka.
Heldig er eg som får sett dette kalaset på TÆPS i slutten av mai. Det veit eg blir fest! Kom du også, så dansar me!
Patrick Fardal