Patrick sine favorittar frå 2025

Då var eit nytt år omme! 2025 har vore så som så, men bra musikk har det vore.

Viktig at de tek godt vare på dykk sjølv og kvarandre i denne rare, forferdelege tida der så mykje faenskap skjer rundt om i verda.

Denne gongen tek eg inspirasjon frå Pernille, og tenkjer at tal og rekkefølgje ikkje har noko å seie ETTER førsteplass - då står alle likt. Men førsteplassen fortener heder og ære. Her har eg sikkert gløymt nokon, men det må me berre tåle!

Norske favorittar

  1. Kristi Brud - Et Fall - Endeleg kom året då Kristi Brud havna på førsteplass hjå meg. For ein bauta av eit verk dette er. Rocken lev i beste velgåande - og Bergen har aldri høyrt så bra ut før. Deilige tekstar, enorme riff og ein stemning som passar til absolutt alt. Dette er ei reise du ikkje må gå glipp av. Det er mørkt, vakkert, sårbart, sterkt, rolig, enkelt, og alt imellom. Altså, enkelt i den forstand at det høyres så jæskla ut som at den plata alltid har vært der. Men neidå, den kom i 2025 - og havnar i toppen hjå meg. Når introen til “Tenk om de venter på oss” startar så føler eg meg altså så tøff. Det kan eigentleg seiast om kvar einaste låt! Gåsehud. Jaggu meg høyrer eg litt svartmetall inni der også, om svartmetall hadde vore rock. Eg veit ikkje korleis eg skal forklara det, men du får berre tolka det slik du vil. Det er noko unikt over det lydbildet Kristi Brud manar fram her. Noko unikt KULT. Takk!

  2. Porto Geese - Pop Songs - Rett og slett berre digg. Beint fram nydeleg.

  3. Future Nostalgia - Mellow - Yes, please! Elsker, elsker elsker at det eksisterer så bra draumepop/shoegaze i Noreg. Vakkert lydlandskap, digg stemning og ein varme me treng i denne kalde tida.

  4. Murder Maids - Gloom - Gravøl! Noreg har mista eit heilt rått band. Tenk å gå ut med eit slikt smell, då! KJÆRLEIK.

  5. Death By Unga Bunga - Raw Muscular Power - Akkurat det tittelen seier! Trur aldri eg har vore med på at DBUB leverer noko kjedeleg. Det blir berre betre!

  6. YOU KNOW WHO - DRUNK. - Om det er nokon som kan få deg vekk frå kjipe tankar og inn i feststemning, så er det desse karane her. THUNDER MULLET! Det tilrådast også å sjå dei live - det er ei oppleving i seg sjølv.

  7. Håndgemeng - Satanic Panic Attack - Årets cover. Ellers eit riffbonanza utan sidestykke, og fengjande som faen sjølv.

  8. Slug Boys - LISTEN TO SLUG BOYS. - Ei kraftsalve utan like! GI MEG!

  9. Häxer - Abra Fakkadabra - Denne plata er botnsolid - frå den litt atonale (er det rett å sei?), creepy og litt folkelege introen og vidare inn ei reise i det som gjer Häxer til Häxer - Fuckin Witch Punk.

  10. Fanatisme - Tro, håp og kjærlighet - Eit ekte ungt, spennande prosjekt som riv deg i sjela og får deg til å tenkje. Følg med på dette orkesteret framover - det både er og blir råbra! Desse må opp og fram.

  11. Haraball - Fear of the plow - Haraball akkurat slik eg likar dei; syrleg og tøft, fengjande og rått.

  12. LÜT - LÜT - Feng i fleng! Og vanskelegheit med å sitta stille når denne spelast.

  13. Superslow - End Of The Fall - Rein fest!

  14. Purified In Blood - Primal Pulse Thunder - Endeleg nye saker frå dette legendebandet. Like hardt, tøft og riffete som alltid!

  15. King Hüsky - King Hüsky - Deilig gitar og forfriskande tekstar!

  16. Mats Wava - Soft Commute - Len deg godt tilbake og berre nyt. Sommaren kjem kjappare då!

  17. El Cartel - Fronteras - I tillegg til å ha eit av årets beste cover, Er Fronteras ein beint fram sensuell affære som sender meg rett inn i ørkenen på den aller, aller beste måten. Kast deg på hesten og ta ein tur inn i solnedgangen med meg!

  18. Thea & The Wild - Truck Sized Asteroid - Atter ein gong eit fantastisk verk frå Thea & The Wild. Råfine tekstar, kjensleladd og vakkert. Får avogtil littegranne Joan Baez-vibber - noko som ikkje kan være anna enn eit massivt kompliment!

  19. ARV - Curse & Courage - Melodisk, hardt og mørkt!

  20. Spidergawd - from eight to infinity - ROCK.

  21. The Good The Bad and The Zugly - November Boys - Slik me likar det!

  22. Honningbarna - Soft Spot - Jadda. Ta meg. Ta meg bak låven og gjer kva de vil med meg. Alltid ein glede å høyra noko nytt frå denne gjengen. Alltid spennande!

  23. Hill Bomb - In It For The Money - Dinosaur Jr tek med seg Slowdive og heng ut med Bob Dylan? Det er berre noko av det eg opplever med denne plata. Deilig reise!

  24. Cult Member - GORE - EKSPLOSJON, SINNE, UTBROT, UTLØP, ROE NED, PUSTE!

  25. Chemtrails Oslo - Stein Olav Måkestad - Takk til kompis for å ha peika ut denne for meg - eg fekk heilt hakaslepp når eg høyrte Police This Riot. Det må jo være det vakraste Schau har gjort sånn vokalmessig? Gåsehud. Resten av plata er også absolutt ein fest!

  26. Tape Trash - EDEN - Vakkert, stort og fint.

  27. Payphones - Wrong Number - Fuzzy og rockete!

  28. Run Dry - Veien tilbake - Dette, altså. Dette! For eit stjernelag av ei hardcore-gruppe. Urkraft!

  29. Soft Ride - Southern Lands - Akkurat som bikkjene på coveret skal du smelle på deg solbriller og chille i sola til denne plata.

  30. Kjöter - Plan B - Deilig, nostalgisk og ekte!

EPer og singler (urangert)

  • ROSA FAENSKAP - Bygg til himmelen

  • Feral Nature - Heavy Are the Mountains

  • Witch Club Satan - You Wildflower

  • Cardrivers - Roadtrip EP

  • Fights - Shocker

  • Yesterdaze - Animalysis

  • Split//Bite - ILOVEYOU

  • the IV - Eastern Promise

  • Loose Teeth - Ambidextrous

  • Purple Skies - Too Worn To Tell

  • Takomaha - American Basements

  • OCEAN DAZE - The Longing (Death)

  • Dead Movie Animals - Still In Control

  • Scoreboard - rush spells & ropey rampage

  • Fløi - Drum & Har du alltid vært sånn?

  • Moreller - Lavender

  • Anemisk - EP

  • Aktiv Dödshjelp - Gjemme Seg

  • Skyggesiden - Skyggesiden EP (Takk til Pernille for denne)

  • Skov - En dag & Noe her inne

  • Din Våte Drøm - Band i LA

INTERNASJONALE FAVORITTAR

Her har eg ikkje klart å få til ein førsteplass, så her deler alle likt.

  1. Viagra Boys - viagr aboys

  2. BAMBARA - Birthmarks

  3. hersker - JordMord

  4. Wet Leg - moisturizer

  5. Mike Korbenski - Sex Angel

  6. Steel Beans - Steel Beans

  7. Squid - Cowards

  8. Witch Fever - FEVEREATEN

  9. TURNSTILE - NEVER ENOUGH

  10. Nektar - Om du behöver mig

  11. Lambrini Girls - Who Let The Dogs Out

  12. Gurriers - Come And See

  13. Just Mustard - WE WERE JUST HERE

  14. Hurula - EXISTENS

  15. Shame - Cutthroat

  16. PIGS PIGS PIGS PIGS PIGS PIGS PIGS - Death Hilarious

  17. Men I Trust - Equus Caballus

  18. Preoccupations - Ill at ease

  19. DITZ - Never Exhale

  20. SPRINTS - All That Is Over

  21. Svart Katt - Tills ingen längre minns

  22. Soft Kill - Watch It Burn

EPer og singler (Urangert)

  • Death Bells - Shiver & Landslide

  • Wavepool - Crayola

  • MOTHERMARY - Non-Duality

  • Bad Nerves - Loner

  • DIIV - Return of Youth

  • The Beefs - Grillin` Jams, Vol. 2

  • Girl Tones - Leave the City

  • The Machine Starts To Sing

  • Wunderhorse - The Rope

  • Tee Vee Repairman - Only A Memory / Bad News

  • Tears of the Fatman - Jiu-Jitsu Soarèe & God Damn

  • Cathedral Bells, Yndling - make me right for you

  • Makthaverskan - Pity Party

  • Bob Vylan - Sick Sad World

  • Agent Blå - Shapes

  • Fontaines D.C. It`s Amazing To Be Young

    + mykje, mykje meir - heilt sikkert!

God jul og godt nyttår!

Patrick Fardal