scoreboard - Ropey Rampage

Cover: Juni Amalie Andersen (@Ikke_juni) 

Du dyre, grøne glitrande shoegaze, folkens. scoreboard fekk eg lov til å oppleva live for ei tid tilbake, og blei forelska med ein einaste gong. No får me lov til å køyra på med premiere på debutlåta frå den komande 5 låters EPen som spelast inn i desse dagar!

Låtane er spilt inn hos Oskar Rolstad Buvarp på Rolstad Gård med diverse pålegg, bass og vokal er spelt inn sjølv i Mikkels bittelille studio i Oslo.

Ropey Rampage er einaste unntak - spelt inn heilt på eiga hånd i Tollbugata Oslo!

Miks: Joar Renolen (Porto Geese++) @salbringer

Master: Christian Obermayer hos Strype Audio @ocb_audio

Her er ei helsing frå bandet sjølv:

For å feire singelslipp spiller vi i Oslo på Revolver med Future Nostalgia 6.02 før vi hiver oss i bilen til Bergen og Landmark for å spille med Fucales 7.02. Emil har knekt armen (rip) så vi har med vikar Iver Armand Tandsether (Mall Girl, Tigerstate, Overcity, Selmer ++) På gitar i tillegg til megaflinke Christian Franzen (Franzen, Overcity, Selmer ++) på bass. 

Ta turen - du vil ikkje angra.

Patrick Fardal