Yndling - It`s Almost Like You`re Here

Yndling (Silje Espevik)

Foto: Lene Nordfjord

Kjære folk! Shoegaze er ein sjanger som treff meg direkte langt inne i hjarterota. Hardare treff det når noko slikt kjem frå Noreg! Norske shoegaze-prosjekt veks ikkje på trær - men ein gong i blant kjem eg over noko - og denne gongen blei det ein skikkeleg fulltreffar. Takk til Ruben frå Labelet Brilliance (https://www.brilliance.no/) for både tips, jobb og lidenskap! Det er litt av eit kakestykke du serverer oss her no.

Yndling (Silje Espevik frå Bergen) veit kva som er greia. Det er så bra, så deilig, draumande og digg å høyre på! I dag får Evig Lyttar lov til å køyre ut førpremiere på bandets første singel frå sin komande EP, som kjem ut til våren gjennom det amerikanske labelet Spirit Goth. Låta kjem ut over alt i måro!

“It’s Almost Like You’re Here” handler om det stadiet i et forhold hvor ting fremdeles er usikkert, og en av partene ikke tør å ta steget inn i et ordentlig forhold. Den er skrevet litt ut av frustrasjon, typ “hvorfor gjør du dette så vanskelig?”. Det er kanskje sånn for mange, at man roter det til med usikkerhet og er redd for å ta steget, og gjør ting unødvendig komplisert - så det er en låt som er litt sånn “hallo, ser du ikke at dette kunne blitt bra, hvorfor oppfører du deg sånn?” - Silje Espevik

Berre nyt, er du snill. Du treng dette no. Det veit du like godt som meg!

Patrick Fardal