OCEAN DAZE - I Saw You - noko fint i det kjipe, noko kjipt i det fine

Foto: Truls Salmila

Eg veit ikkje med deg, men sommaren for meg skal være digge, chille vibber. I dag får eg lov til å gi deg akkurat det i form av premiere på den kraftige og nydeleg vakre låta “I Saw You”!

OCEAN DAZE med Kamilla Santiago Neeraas i front er eit Oslo-basert band med røtter i Trøndelag. Sjølv seier dei at dei ligg innanfor ein slags indierock-verden med elementer frå shoegaze og draumepop. Dette kan eg vere heilt einig i. Det som traff meg når eg først oppdaga bandet er den deilige, draumande lyden som eg så høgt elskar med shoegaze og draumepop. Det er liksom berre å lene seg rett tilbake og la seg sveva med.

Låta er skreve, komponert og produsert av Kamilla Santiago Neeraas, miksa og produsert av Mikkel Sunde (Evig Ferie og Dønk) og mastra av Magnus Kallar (Astronomies og West Acre).

Låta ble skrevet for noen uker siden i sommersola hvor allting egentlig skal være flott og fint, men så er det ikke alltid det. Etter et litt for merkelig år (med skrivetørke oppå det hele, ikke minst) var det deilig å shredde litt igjen. Noe fint i det kjipe, noe kjipt i det fine. Det er litt opp til en selv. Power of perspective, og så videre. “I Saw You” er jo ganske ulik lydbildet vårt, men en fin pitstop før alt faller på plass!
— Kamilla

Coverbildet er tatt av Oliver Andreas Langedahl og redigert av Kamilla Santiago Neeraas

Nyt sola, dagen og denne låta, og få med deg OCEAN DAZE på Goldie i Oslo (4.oktober med Feversea og 15.november med Rule of Two og Tape Trash)! Det veit eg blir rått.

Patrick Fardal