Redaksjonens favorittar frå sommaren

Patrick

Future Nostalgia - Biltur (august)

Heilt, heilt fantastisk låt. Svevande og draumande, akkurat slik eg likar det. Skulle hatt ein kabriolet og cruisa nedover stripa i solnedgangen her, altså. Future Nostalgia er eit ganske nytt band for meg - eg har sove i timen og hatt skikkeleg dårlig oversikt; Shoegaze og drømmepop er jo heilt øverst i gata mi. Men, no har eg oppdaga dei og det bør jaggu meg du også gjere. Skurrete, deilige gitarar, skikkeleg fin stemme og generelt berre deilig vibe. KJÆRLEIK!

Witch Fever - THE GARDEN (juni)

Witch Fever, folkens. Dette monsteret av eit band traff hjarterota mi for første fong når eg høyrte “I Saw You Dancing” - den låta traff meg som eit godstog rett i trynet. Ektefølt, sint og kraftig. “THE GARDEN” er akkurat i same gata; den berre snik seg bak deg og knuser til deg rett i mellomgolvet når du ikkje følg heilt med. Deilig oppbygning, fantastisk stemning og ekte, ekte bra.

Shame - Quiet Life

Shame, folkens. Dei er liksom ein laus kanon for meg. Eg veit liksom aldri kva som venter. Noko er heilt fantastisk bra (One Rizla, kom an) og noko er heilt ute på viddene - så langt at eg ofte ikkje klarar å få tak i det. Men no, no er dei inne på eit spor eg kan lika. “Quiet Life” er ei sånn låt som berre legg seg perfekt i øyrene. Eg elsker elsker det enkle i denne låta. Litt som soundtracken til serien “ You´re The Worst” om du fatter. Berre 10 000 gonger betre. Gleder meg til å få heile denne plata i trynet snart! Bonus; Høyr “Spartak” no, den kom for ikkje lenge sidan og er endå ein smakebit.

Sondre

Porto Geese – Pop Songs

Porto Geese viser med Pop Songs at de har tatt et stort steg videre fra debuten. Der Duck var rå og intens, er dette albumet et hakk mer raffinert, men uten å miste gnisten. Plata drives frem av hypnotiske grooves og vegger av gitar, men rommer også små melodiske detaljer som gjør at man stadig oppdager nye lag.

Etter X antall runder med skiva står noen låter tydelig fram for meg. “The Brain” er et riffdrevet høydepunkt – dreamy shoegaze med tykke støyelementer på bakenden. Min personlige favoritt, “Train Song”, tar seg tid til å bygge opp en suggererende puls som blir hengende lenge i øret. Dette er en låt som bør treffe midt i smørøyet for fans av kraut- og post-rock. “Deceiver” viser bandets mørke og hypnotiske side, mens “Tiny Swimmer” er lysere, luftigere og mer energisk. Avslutningen “Outside People” binder det hele sammen med en følelse av både uro og forløsning, en perfekt landing etter reisen.

Sekvenseringen er gjennomført, produksjonen er rå og nær, og helhetsopplevelsen er både intens og givende. Pop Songs er et album som inviterer deg inn i sitt eget univers – og før du vet ordet av det, har tiden forsvunnet. Det er musikk å drømme seg bort i, og som bare vokser for hver gjennomlytting.

Jarand 

Varpet – Sisu 

Som motsats til den daglege støyen og maset har Sisu har fått snurre med jamne mellomrom hos meg den siste tida. Eg vil råde deg til å gjere det same. 

Musikken deira har tydelege spor av både folkemusikk, joik og blues. Felles for alle låtane er at det rytmiske står i høgsete heile vegen, noko som igjen gjer det heile ganske dansbart. Eg blir sittande å digge anten med foten eller hovudet gjennom samtlege spor. Ein merkar det heilt frå start då opningssporet “Parts of a three” vert bygd opp stein for stein, rytme for rytme. 

Trioen glimtar til med eit tydelegare særpreg enn på førre plate, denne gong leikast det i større grad med uttrykket slik som på høgdepunktet “Detektimen”. Ein snodig låt som luskar seg stødig bortover medan du blir forsøkt forført av ein sjøsjuk gitar. Eg held meg trygt fast til bassgangen som vardar langs den noko turbulente stien. 

Trass i at det rytmiske ofte stel showet er det på ingen måte manko på gode melodiar her. “High Tide Life” er noko av det varmaste og flottaste eg har høyrt på ei stund, høgst brukbart som medisin mot komande trauste haustdagar. “Shoredance” må nemnast i same andedrag, for ein nydeleg avslutning på visa. Det vert meir og meir inderleg ettersom intensiteten berre aukar. Ut frå mylderet av gitar, perk og fele veks ein flott melodi som eg gjerne skulle hatt meir av. 

Utanom eit par spor er musikken i hovudsak instrumental, det gjev mykje rom for å male eit breitt musikalsk landskap som er moro å utforske.

Eg får ein akutt trong til å pakke sekken, hoppe i støvlane og stikke til vidda men dette på øyret. 

Thee Oh Sees – ABOMINATION REVEALED AT LAST 

Har du behov for ein oppkvikkar etter late sommardagar har heldigvis Thee Oh Sees løysinga klar. Bandet, eller banda burde eg heller seie, har gradvis utforska verda av vreng i ei årrekke no. Både A Foul Form (2022) og SORCS 80 (2024) var sterke tilskot til katalogen, årets plate er også eit verdig og underhaldande kapittel på vegen. 

Hektisk så det held men ikkje utan psykadeliske innslag, musikken ligg ein stad mellom sonisk koffeinsjokk og syretrip. Her er rom for både King Gizzard- vibber som på artige “SNEAKER” men også spasme-aktige riff på “COFFIN WAX”. John Dwyer gjer ei sterk rolle som vokalist, med ei tøff stemme som greier det meste, anten det skulle vere illsint punk eller psykadelisk garagerock. Ja joda, øyrene treng ein pust i bakken etter det her, men fy for ein underhaldning. At det liknar ein utanomjordisk feberdrøm er berre eit kompliment. 

Frykt ikkje, det finst også streite låtar som “GLITTER-SHOT” her som dreg oss tilbake til jorda eit par minutt. ABOMINATION REVEALED AT LAST; passar ypperleg i plassen for ein dobbel espresso før arbeidsdagen.

Åsmund

HÖG - BLACKHOLE

Etter en sommer der for mange legender har takka for seg, er det digg å vite at musikken deres bærer dem videre inn i evigheten. Der Sabbath-kloner har eksistert i mange år i bandet de kopierer sin egen samtid, er HÖG en regelrett Motörhead-klone. Lemmy døde riktignok i 2015, så vi kan tenke på skiva BLACKHOLE, som en slags jubileumshyllest etter bandets bortgang.

BLACKHOLE er HÖGs debutskive. Bandet stakk hodet så vidt opp av Californias undergrunn i 2018 og har siden det blitt plukket opp av ingen ringere enn Riding Easy Records. Det var jaggu et sjokk. Dette er lyden av et alternativt univers der Lemmy vokste opp under en hamrende sol i Sierra Nevada, istedenfor i regntunge Stoke-on-Trent.

Ja, vokalen og trommene høres ekstremt ut som Motörhead når det tar av, men det er bare halvparten av hva denne gjengen har å tilby. Gjennom plata mater de på med deilig progg, psych og ørkenrock, med skikkelig primitiv og stiv 70-talls vrengelyd.

Til tider høres det ut som Fu Manchu har tatt turen innom bandet også, hvis du skulle være så uheldig å glemme at de var fra California. 

Det er overhodet ikke noe hokus pokus over denne gjengen. Det er så banalt og lite sjangermessig utfordrende at du er tilgitt for å anta at gutta trodde de levde på 70-tallet. Likevel er skiva som en slags resett knapp for meg. En ganerenser som minner meg på hva det virkelig handler om, før jeg igjen begir meg ut på alskens post-black-slugde-core.

Feteste låta på skiv er etter min mening “Shallow Earth". Her får de virkelig runka liket til Kilmister, samtidig som de pøser på med alt de har av 70-tallslyder fra andre sjangere.

Gutta runder av skiva med låta “Free”. En skamløs nestencover av Lynyrd Skynyrds “Free Bird”. Veldig uncanny valley greier, for den er så lik, men likevel ikke.