Ondt Blod - Bauta 

Foto: Ole Onstad

Finnmarks flaggskip er tilbake! Endeleg. Ti år etter den enormt, enormt, ENORMT sterke debutplata (som du må sjå til helvetti å sjekke ut no om du ikkje veit kva eg prater om) og åtte år etter førre album er Ondt Blod klare med ei musikalsk breiside frå øvste hylle. Plata åpner med ei perlerekkje av sterke låter:

Først ut er AUX. Me kjem til festen på skuter og hamnar midt i eit klassisk føkk Oslo-anthem. Hundre poeng for sampling av Martin Schanke og passe ironisk DIY-video, komplett med motehattrick a la Finnmark: Ski-doo, militærjakke og flanellskjorte toppa med samekniv. Høg allsongfaktor, eg håper oppriktig at den fortapte finn attende til frisk luft i nord. 

Dernest kjem Blodklubb og kulare namn for familie har ikkje eg vore borti. Låta opnar med lett koring, men dykker sporenstreks ned i eit beinhard hardcoreriff. Jadda, jadda, no snakkar me! Refrenget gjer at eg får lyst til å pakke sekken og reise heim til nord, og årets rim i norsk musikk er utan tvil engelsk-samisk:

Trur du liksom vi blir imponert, muthafucka

Trur du liksom vi blir imponert, várra čoahka

Ja, imponert blir eg. Dette er feitt, nyskapande og samstundes rotfesta i røynda. 


Det råder ekte kaos, skallebank og nytteslaus sjølvransaking i både FinnmarKING og Joker Nord, medan Mortal Enemy er eit lynkjapt, blastbeatmarinert slag i trynet på alle hestpeisa som snur kappa etter vinden og lyg og lovar til folket om kvarandre. 

Den mjukare skatepunk-emo sida kjem tydeleg fram i Savne Dæ og Flamma, men sjøv om dei ikkje når heil opp hjå meg står dei aldri i fare for å bli banale eller blødmefylte. Låtane hinter til tunge traumer etter psykisk sjukdom, død og havarerte forhold, og kan ikkje sjåast som anna enn ei oppmoding til å passe godt på kvarandre. Sorg og melankoli er den naturlege motsatsen til kjærleik, og Ondt Blod anno 2026 tek det heile på alvor. 

Dei to lengste låtane, Máddu (nordsamisk for “rot, opprinnelse”)og tittelsporet Bauta er også dei tyngste og seigaste. Her kjem Ondt Blods faste bruk av sampling fram., og om du vil kan du referere til alt frå Slayer til Rammstein til P.O.D. Eller berre nyta av eit par knallgode låtar i det tyngste sjiktet av hardcore, punk og rock.

Sjølv om Ondt Blod framleis hevder dei er Kompis Med Satan og skal skalle ned søringa mens dei bomber heile Oslo, ja, så tek eg likevel sjansen på å sjå dei live igjen. For albumet er eit framifrå stormkast som verkeleg bør opplevast framfor scenen. Og om du ikkje har plass til å reise ein kampestein i hagen kan du i det minste få plass til ein Bauta i platehylla.

Marius HD Salvesen