Kvelertak - Splid, Bråtebrann og ny giv

Me hadde vore teite om me ikkje følgde med på bandet som inspirerte namnet vårt, ikkje sant?

57503519_10156041891445685_7779613995710808064_o.jpg

Uansett. Dette er noko samtlege av oss har venta på heilt sidan Ivar Nikolaisen debuterte som vokalist for dette beistet av eit band på Fjellparkfestivalen i 2018. Endeleg får me han på skive også!

Første låt ut er “Bråtebrann”, som du kan høyra nedanfor.

Eg for min del er stor fan av at bandet har gått tilbake til å ha legendariske Kurt Ballou bak spakane! Høyrer mykje av det gamle Kvelertak som eg elsker så høgt. Kvasse saker!

Om eg skal pirka litt så tykkjer eg kanskje at “el-gitar komman” var litt i overkant kleint, men eg diggar resten av låta. Frysningar frå første stund! Eg fekk høyra den i går mens eg venta på flyet frå Finland, og eg fekk nokre solide blikk kasta min veg. Det er liksom ikkje så lett å sitta stille når du får høyra ny låt frå Kvelertak.

Splid kjem ut 14.februar. Berre sjå på tracklista nedanfor her, du veit det blir feitt. Troy Sanders frå Mastodon er med på den eine låta. Berre det gir meg gåsehud langt opp etter nakken! Altså.. “Necrosoft”, “Delirium Tremens” og “Uglas Hegemoni”? Det er nokre sterke titlar i den samlinga der, ja!


Rogaland
Crack Of Doom (feat. Troy Sanders)
Necrosoft
Discord (feat. Nate Newton)
Bråtebrann
Uglas Hegemoni
Fanden Ta Dette Hull!
Tevling
Stevnemøte Med Satan
Delirium Tremens
Ved Bredden Av Nihil

(Tracklist lånt frå Musikknyheter.no)


Patrick Fardal