56862391_2104773442932265_1567269648330653696_n.jpg

Om Patrick

Top Dog, Big Daddy, Redaktør, og skaparen av Evig Lyttar. 33 år ung sogndøl med over gjennomsnittet interesse for musikk, gjerne frå den mørkare og tyngre delen av sjangerriket. Har vakse opp mellom fjell og fjord i Sogn, og fått Windir omlag pressa inn med morsmjølka. Etter nokre år som mørk og sur svartmetallar med afro oppdaga eg punken, og blei betydeleg gladare, sjølv om håret etter kvart byrja å vekse nedover i staden for oppover.

Deretter har eg vore innom alt ifrå Bob Dylan til IDLES. Er nok ganske altetande når det gjeld både musikk og mat, og er ganske kritisk til begge deler. Når det gjeld musikk har eg eit behov for å skjønne både tekst og lydbilete, noko som ikkje alltid er like enkelt med all den forbaska skrikinga eg høyrer på. Likevel diggar eg det meir enn noko anna. Eg er ikkje framand for å sovna med Mayhems De Mysteriis Dom Sathanas på øyret, for å sei det slik.

Bur i Fredrikstad, der eg jobbar på Fontenehuset Fredrikstad, i tillegg til å driva på med dette og podcast pluss litt av kvart anna.

Post-punk står meg nærmast, men det er heller ikkje feil med ei god poplåt framfor peisen naken på eit skinnteppe. Neidå. Jaudå. Eg diggar konsertar, eg diggar å moshe til eg sveittar som ein gris, og eg elskar å oppdage ei ny plate eller eit band som gir meg både ståpels og musikalsk orgasme, men eg likar også å skrive akkurat det eg meiner om eg ikkje likar det eg høyrer.

Megastor fan av den norske undergrunnsscena, og det er mitt mål i livet å få desse «ukjente» banda fram i lyset og langt oppi trynet ditt, enten du vil eller ikkje! Det var nok derfor eg starta Evig Lyttar i 2015, og det er nok også derfor eg aldri i pokker vil gi meg med dette.