Foto: Privat

Foto: Privat

Om Marius

Eit velsmurd maskineri treng ein nokolunde habil maskinist, så også hjå Evig Lyttar. Eg er ombord for å lese, svare på, ignorere, destruere og ein sjeldan gong vidaresende innkommen e-post. Alt for å sikre at den heilt ustyrlege informasjonsmengda ikkje gir sjefen fleire grå hår. Og kven veit, kanskje kjem det anbefalingar og anna snacks frå meg òg. 

Mitt første skikkelege møte med tung musikk var ein dundrane sveittefest av ein Höygir-konsert på Kjeller’n Rock i Ski, i år to-tusen-og-eitt-eller-anna. Sidan den gong har eg jakta dei utruleg gode kjenslene som gitarbasert, bassrik, støyande og sjelevrengande musikk gir meg. Eg er spesielt svak for musikk der ein berre kan lukke auga og merke korleis eit musikalsk godstog kjem knusande ut av høgtalarane og inn i kroppen. På livefronten er eg fascinert av den symbiosen som blir til mellom publikum, artist og lyd på ein god konsert. Jau, stakkars dei som går i grava utan å ha opplevd samhaldet i ein god moshpit. 

Uansett, kort om meg: 

Modus operandi: Optimistisk-realistisk gladlaks med skiftande humorkvalitet og auge for detaljar

Bustad: Mellom eit mørkt fjell attmed ein mørk fjord (akkurat, Indre Sogn)

Tre halvkjente undergrunnsband eg liker: SorgenAstrosaur og King Yellow

Tre heilkjente undergrunnsband eg liker: PrimordialKvelertakThe Dogs

Tre ting eg liker: Velfylte bokhyller, dansk lunsj (m. drikke), nedoverski

Tre ting eg ikkje liker: Snyltarar på DNT-hytter, gnål, bestevenn-strategien til Rema

Tre land eg vil anbefale ein evig vandrar: Jamaica, Surinam og Tadsjikistan

Utdanning: Statsvitskap, engelsk og pedagogikk

Yrke: Lærar

Artig faktum: Hamna ein gong i basketak med miljøvernnynazister på ein metalfestival i Mongolia. Spesielt interesserte kan lese meir her.

Ambisjonsnivå: Evig Lyttar har 24 timars svargaranti - med mindre du presterer ein heilt jammerleg dårleg e-post, både sjefen og eg er på kongress eller redaksjonen har felles eigenmeldingsdag. Går det meir enn 24 timer utan svar kan du får e-posten din i retur (heilt gratis).