Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

The Megaphonic Thrift - Få Meg Til Verden I Tide

November 15, 2016 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Eksperimental psykedelisk rock. Dette er ein sjanger eg godt kan like, men då må det ha ei viss stemning over seg, musikken må ta meg med på ei reise, om du skjønar. The Megaphonic Thrift har med sin nyaste fullengdar pakka koffertane mine og sendt meg på første klasse til ei verd eg godt kunne ha flytta til på permanent basis.

Nei det manglar absolutt ikkje på stemningar her. Eg ser føre meg ei verd der alle har ei meining, alle går målretta til jobben sin i uniformar mens ei svær klokke tikkar hensynslaust på himmelen, som om nokon passar på med ørneblikk. Dette kjem ekstra godt fram i "Atomur" som er så digital, "tikkande" og repeterande at det gjer vondt i heile kroppen. Den synthen stikker hol på trommehinna og kan godt vere ei fare for den psykiske helsa om du høyrer den for mange gonger!

Om eg skulle ha samanlikna stemninga denne plata gir meg med noko anna må det bli ein god blanding mellom Joy Division, White Lies og Kavinsky. Synthen og elektronikaen er eit sterkt verkemiddel på denne plata, og eg likar den varme kjensla. Introen er spesielt drøymane og fin, og sender meg både tilbake til 70/80-talet og inn i ei meir digital og moderne framtid på same tid. White Lies vibbane kjem ekstra godt fram i låta "Hendene", som har den desidert beste synthen. Likar også den flytande, subtile vokalen på bergensk. Elsker når folk synger på si eiga dialekt, det blir så mykje meir personleg då!

Denne plata er iallefall alt anna enn kjedeleg. Fyldige låter med heftige lydbilete som omringer deg og gir deg både gode og dårlige, stressande kjensler. "De Gale" kan i nokre parti opplevast ganske masande, og kanskje litt sprengt når alt suppar seg saman i det som minnar om ein "lydsuppe". Elles finn du og mykje som fengjer her, men eg tykkjer dei to første låtane på plata er dei beste. Etter det går det litt i bølgjer. "Romreisen" er ei fin avslutning då, det skal seiast.

3.5/5 TRYNER!

12048956_10153536626656357_1652821620_n-2.jpg
12048956_10153536626656357_1652821620_n-2.jpg
12048956_10153536626656357_1652821620_n-2.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Patrick Kjøll Fardal

November 15, 2016 /Patrick Fardal
The Megaphonic Thrift, Få Meg Til Verden I Tide, Melding, Platemelding, Norsk, Psykedelisk, Rock, Synth, Eksperimental, Evig Lyttar
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!