Nag - Nag

Nag har teke turen til den djupaste delen av helvete for å finna inspirasjonen til den sjølvtitulerte debutplata si. Dette er så svart og djevelsk som du får det. 

Nei, det er ingen tvil om at dette er bekmørke saker. Darkthrone på speed kanskje? Det var det første eg tenkte når eg høyrte dette. Og sjølv om ein finn nok av knusehard svartmetall i desse 12 brutale, hjartelause og sjelerivande låtane vil eg ikkje feste plata til kun ein sjanger. Det er hardcore og svartmetall kokt saman i ein bolle frå helvete, med ein kraftig dose punk rørt godt inn. Resultatet blir Nag, og eg meiner at dei skil seg godt ut med det lydbildet dei serverer her.

I tillegg til kjappe, iskalde, brutale riff og knallfeite trommer har du då denne håplause vokalen. Med håplaus meiner eg at den er ekte. Dette er ikkje pynta på, og ein kan høyre sinnet, frustrasjonen, energien og alt. På kvar einaste låt spyr vokalist Arnfinn Sagen ut lungene sine på ein slik måte at ein må berre la seg rive med. Det er ikkje alltid like lett å forstå kva som blir skreke, men det kjem seg med litt lytting.

Når det gjeld favorittlåtar kan eg dra fram "The Last Viking", som inneheld nokre grueleg feite parti og riff som er skapt for headbanging og moshing, "Soon", som har eit så seigt refreng at den kunne konkurrert med Darkthrone's "Quintessence". Resten av låta er råkjapp då, og eg diggar den blandinga. "Back To The Castle" inneheld det desidert kulaste refrenget då, "Back toooooo, the caaastleeee!!" Kor bra blir ikkje den låta der med publikum til stades? "Ancient Wisdom" har den kulaste introen, og eit av dei kulaste riffa, mens "Fray" trur eg på mange måtar er min favoritt, berre fordi eg får ein skikkeleg Nag-stemning av heile greia. 

Mange vil nok seie at Nag liknar på mykje anna, og at det ikkje er noko nytt, men for meg blir det på ein måte nytt. Om dei ikkje har funne opp sjangeren på nytt har dei iallefall laga noko så hardt og grensesprengande jævlig at det berre må høyrast, spesielt om du har ein dårlig dag eller berre vil slå nokon rett ned. Eg kan også råda deg til å ta med denne plata på trening, då er du garantert såre musklar og spying etterpå. 

Plata kjem ut 02.09.

5/6 TRYNER!