Attan - From Nothing
Eg har høyrt mykje positivt om den Oslo-baserte hardcoregruppa Attan. Blant anna at dei klikkar i vinkel på scena, at dei tar så hardt av at ein både fryktar for både liv og helse. Når eg høyrer på plata From Nothing er denne frykta heilt forståeleg.
For det første er vokalen i ein heilt eigen klasse. Det høyres ut som at vokalist Remi Langseth blir torturert på det grovaste når han ligg på sitt heftigaste. Skulle gjerne vore med på ei innspeling for å sjå kva som eigentleg skjer i studio! Eg får nokre forstyrrande bileter i hovudet av tanken. Mange seier dei ofrar alt for musikken, men det får då være grenser! Neidå.
Uansett er vokalen heilt forbanna perfekt, enten når den skrik skingrande høgt eller når den ligg nokre hakk mørkare. Den blir også godt assistert av gitarane og trommene. Dette er eit band som slår deg i trynet med kvar einaste tone, kvart einaste riff, kvart trommeslag. Eigentleg så skal du liggja på bakken etter å ha høyrt dette.
Opningslåta "Nocebo (I Shall Harm)" gir meg kjensla av å bli køyrt ned av noko stort og tungt, og kjapt. Men det er deilig då, eg kjenner aggresjonen min og lysta til å moshe berre stig i takt med låta. Bra saker! Det same gjeld "Lost Words of the Mothkeepers", iallfall fram til det seige partiet som kjem omlag midt i låta. Det opplevast meir som at ei mørk og skummel hand dreg meg inn i eit brutalt og altoppslukande univers. Deilig!
"Black Liquid Marrow" inneheld det aller feitaste partiet, med den seigaste vokalen nokon sinne, i skikkeleg Nocturno Culto-stil (Darkthrone). Eg har eigentleg ikkje ord, men det opplevast litt som å bli tatt til fange av ein demon som berre spyr ut grusomme ting inn i øyret mitt mens eg ligg fastbunden på ei offertavle i ei hole.
Det heile avsluttast med låta "Edward", som på mange måtar er den mest stemningsfulle og kraftigaste låta. Den er absolutt ikkje kjapp eller like hard som dei andre, men det er noko svært over den som berre riv tak i meg. Kanskje fordi den inneheld den sjukaste vokalen på heile plata, og den råaste avslutninga (sjølv om den sluttar alt for brått)! Total gåsehud.
Dette likte eg skikkeleg godt. From Nothing er noko av det feitaste eg har høyrt på lang tid! Gleder meg til å få sett denne gjengen live. Om du befinn deg på ein konsert med dette bandet bør du iallefall ruste deg med både gode sko og leggbeskyttarar. Eigentleg kan du berre kle deg opp i amerikansk fotball-utstyr. Du vil få rare blikk, men du blir iallefall ikkje skada!
5/6 TRYNER!
Sjekk ut nedanfor!