Atena - Shades Of Black Won't Bring Her Back
Plater med eit bestemt tema er ofte bra, men Atena frå Oslo/Drammen har teke det eit steg vidare. Dei har altså laga ei plate om ein fiktiv familie som går gjennom litt av kvart. Kvar låt har ein historie, og alt startar med skilsmisse og ender i noko langt verre. Sjølv sa bandet dette om plata:
Det er ingen tvil om at dette er kult, mykje fordi dei også har skreve ned historien til kvar låt som om dei var hovudpersonen, slik som nedanfor:
I tillegg til å vere eit grusomt spennande konsept, er plata utruleg godt produsert. Det er ein god del Architects og Parkway Drive over det heile, noko eg ikkje kan få nok av. Vokalen køyrer over deg som eit godstog, riffa sparkar deg i ballane og trommene slår deg i magen. Kraftige saker! Det er også fint med dei litt rolege partia med reinvokal, som eskalerer i nokre heftige parti full av gåsehud. Noko av dette er også basert på personlege erfaringar, så mykje blir også lettare å tru på enn om alt var oppdikta. Eg trur nok at mange kan kjenne seg igjen i dei første låtane. Det å være skilsmisseborn er ikkje enkelt. Utover på plata blir nok ting litt meir verkelegheitsfjernt og ganske ekstremt, men det beviser berre at gjengen bak plata har god fantasi, og ein endå betre formidlingsmåte. Klasse!
Eg rådar deg på det sterkaste til å sjekke ut denne plata! I tillegg må du tekstane og historiane, dei kan du finne i eit album på Facebook-sida til Atena. Høyr plata nedanfor:
-Patrick K Fardal