Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Beachheads - S/T

February 01, 2017 by Jarand Aga Baas in Platemeldingar, Framside

Det skjer ikkje ofte at ei pop-plate rører meg stort, men desse karane har truffe blink med sin første fullengdar. Om eg må beskrive musikken deira ville eg sagt fargerik og ivrig powerpop, men her er mykje meir som gjøymer seg bak kulissane.

Opningssporet Moment of Truth sparkar plata i gong med god gammaldags pop,  solide trommer og fengande tekst. Det som grip meg først ved Beachheads er den klare og behagelege vokalen. Den skin i gjennom gitarlyden som for øvrig er fyldig og godt produsert. Det soniske landskapet er ein fargerik godtepose som kan minne om blant anna Joy Division, Death By Unga Bunga og Cloud Nothings.

Første halvdel er veldig medrivande samstundes som låtskrivinga er variert. Favorittlåta mi Una, er som tatt ut av ein romantisk tenåringsfilm. Her er det i tillegg mykje fuzz og ein heftig gitarsolo, noko som aldri slår feil! Sjølv om den er lett å høyre på klarar bandet å unngå ein del pop-klisjear, som er underleg forfriskande.

Procession er ein fin avstikkar til det ellers smårocka og poppa lydbildet. Her forandrar stemninga seg og bandet går inn i ei litt anna retning. Likevel høyrast det autentisk ut. Det er ikkje tvil om at vokalist Børild Haughom syng rett frå hjartet på det som kanskje er plata sitt mest sårbare og ærlege augneblink:

“it’s time, it’s the beginning of the life without you around / my body is shaking when they lower you into the ground”

For min del er det kontrastane som løfter plata frå å vere «berre» pop til noko fyldigare og meir ekte. Her er alt ifrå reinspikka kjærleikslåtar og melankolsk poprock til koselege sommarlåtar. Mykje av materialet ligg i same gate når det kjem til tempo og gitarspel, men det vert ikkje kjedelig av den grunn. Beachheads har sansen for deilige gitarharmoniar og eit godt auge for catchy refreng som krydrar låtane nok.

Debuten deira er eit ubetinga, kjensleladd, godt gjennomført stykkje powerpop. Ei plate som funkar til både gråe regnvêrsdagar, men og til solskinnsdagar på stranda. Eg har trua på at Beachheads ikkje vert verande i undergrunnen lenge, dette er eit band eg gledar meg til å følgje vidare.

Plata er ute 3.Februar på Fysisk Format, gled deg!

4/5 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg

-Jarand Aga Baas

February 01, 2017 /Jarand Aga Baas
Platemelding, Powerpop, S/T, Beachheads
Platemeldingar, Framside
Share
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!

­
­