Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
22046074_1632910500095146_519398386312923173_n.jpg

Arne Åsmund bringer hausten inn med urovekkande og koselege viser

October 16, 2017 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Arne Åsmund er ein artist eg først fekk augene opp for under Bakkefestivalen i Trondheim, noko som førte til at eg umiddelbart sjekka ut den førre plata hans, til stor begeistring. No er han tilbake med sin fjerde fullengdar, akkurat i tide for å bringe hausten inn med urovekkande og koselege viser.

Fever Dreams er ei naturleg vidareføring av stoffet frå When The Circus Comes To Town, men denne gong i det eg vil kalle ei endå mørkare utgåve. Her ligg eit meir vemodig uttrykk til grunne, som trekk låtane lenger ned i det dystre. Med roleg kassegitar og flotte strykeinstrument lokkar første låta oss inn i Åsmunds forvridde univers. Formidlingsevna hans er knallsterk og det er lett å verte oppslukt i det han syng om. Det skal ikkje mange strofer til for å skjønne at dette ikkje er nokon vanleg visesangar.

«Sleeping With The Fishes» er nok ein av mine favorittar frå denne plata, mest på grunn av den uhyre fengjande teksten og spanande historieforteljinga. Det skjer noko herleg forstyrrande når den behagelege stemma hans skildrar morbide hendingar og skikkelsar. Kontrastane er naturlegvis store då Åsmund formidlar groteske forteljingar om hemnlystne figurar over delikat gitar klimpring. Denne plata høyrest ut som det forstyrra kjærleiksbarnet til Odd Norstoga og Tim Burton, men på ein god måte.

Slik Arne Åsmund tidlegare har vist er det tekstane som står i fokus, likevel er det verdt å merkje seg korleis bandet bak han kler tekstane saumlaust utan å trekkje for mykje merksemd. Både arrangeringa og instrumenteringa er smakfullt krydra.

Mot slutten kjem det som for min del er den tristaste men også mest morbide låta «200 Degrees». Den mørke humoren Åsmund leverer her er jo ikkje ny, men uansett forfriskande. Særpreget hans skin gjennom tydelegare og skarpare enn før, sjølv om nokre av låtane er i overkant repetetive,

Fever Dreams byr utan tvil på låtar av høg kvalitet, både lydmessig og tekstmessig. Det heile vert toppa av Åsmunds trygge stemme som slukar deg inn i kvar låt på beste vis.

7,5/10 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

Jarand Aga Baas

October 16, 2017 /Jarand Aga Baas
Arne Åsmund, Fever Dreams
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!