Rise Above ber deg om å åpna augene dine!
Eg har vel eigentleg følgt med på den hardtslåande gruppa Rise Above heilt sidan før dei ga ut sin første EP Sounds Of Liberation, både med melding og intervju. Men det tok omlag eit heilt år før eg fekk sett dei live, nærmare bestemt på årets Tunghørt i Stavanger. Det var som å få eit spark i pleksus, som å få skallen reve av, som å få hovudet banka gjentekne gonger i stovebordet. Neidå, men det var utruleg bra. Bandet ga av heile seg, og vokalisten var over alt i lokalet mens resten av bandet hoppa opp og ned av scena. Bra show!
I måro kastar dei ein skinnande ny singel i fjeset på deg, men du kan sjølvsagt sjekka den ut hjå oss i dag. Den handlar om ein særs viktig ting, som du kan lesa litt om nedanfor:
“Up er en låt om ekstremisme. Alle tanker og ideer som setter sunn fornuft og vitenskap til side. Den handler om de som, ofte subtilt, tvinger andre inn i sitt verdenssyn: «Pretenders of Salvation». Den handler også om å konfrontere disse miljøene. Ved å ignorere dem, eller skyve dem ut av samfunnet, taper alle.”
Patrick Fardal