Powerjazz!!
For meg har jazz lenge vore noko eg har hatt eit anstrengt forhold til, fram til ei stund tilbake då eg oppdaga ei rekke band som hadde funne ein slags gylden middelveg mellom jazz og tyngre sjangrar. Band som Motorpsycho, Krokofant og Møster! viste veg til ein smeltedigel av all slags rariteter og obskure ting. I Like To Sleep er eit band som tek jazzrocken eit steg vidare med sitt kaotiske preg.
I Like To Sleep held til i Trondheim og består av tre ganske unge musikarar som saman skapar eit røft utrykk gjennom powerjazz. Ved første lytt er det openbart at dei har gått for ei nokså utradisjonell og modig retning ved å kombinere baritonegitar, vibrafon og slagverk. Det er eit ambisiøst grep, men steike så bra det låter!
Opningssporet «11» presenterer eit lydbilete kor rytmiske krumspring og tunge drivande riff ligg til grunne. Det gjev meg alle dei rette kjenslene, det er røft, melodisk og skamlaust. Eg kan ikkje anna enn å måpe med beundring med tanke på kor stødige og dyktige desse tre er. Då det kjem til sjølve låtane vert eg overraska over kor godt vibrafonen funkar som eit bindeledd og ein raud tråd igjennom komposisjonane. Eit godt eksempel er «Brute», som byggjer på eit primitivt gitarriff som åleine er nok til å underhalde meg, men vibrafonen krydrar alt som ein slags underleg hemmeleg ingrediens.
«Happy Traveling» demonstrerar dynamikken I Like To Sleep eig seg imellom, her set dei seg sjølve verkeleg i rampelyset. Tittelen, musikken, sinnsstemninga på denne låta dreg meg inn i ein dagdraum, berre førestill deg den mest sinnsvakt fargerike og turbulent togturen nokon sinne. Dei uhyggelege melodiane frå vibrafonen gjer noko herleg med denne låta, utan at det kan forklarast så godt.
Andre favorittar frå denne plata er utan tvil «Bedstories» og «The Wrong Kind Of Bedstories». Desse to har sterke kontraster seg imellom, som to vidt forskjellige sider av same forteljing. Sistnemnte er min favoritt, ekte seige stonervibes her. Avsluttinga her er skamlaus, mannen bak slagverket slepp seg heilt laus frå rytmen han vanlegvis tvinnar rundt veslefingeren.
Eg sit igjen med ei kjensle av både forvirring og forbløffelse, men mest av alt vert eg svolten på meir. I Like To Sleep maktar å være profesjonelle musikantar men også leikne og barnslege i løpet av desse ni låtane. Eg har lite å utsette på utrykket dei har skapt, sjølv om eg trur det kunne vore spanande å høyrt endå fleire sjangrar eller element baka inn i stilen deira. Nokon opplever kanskje dette som slitsamt i lengda, men eg frydar meg over dynamikken og kreativiteten desse tre delar.
Til slutt vil eg berre anbefale å sjå I Like To Sleep live, det fekk eg nemleg sjansen til då dei varma opp for sjølvaste Motorpsycho i Trondheim. Viss du er ute etter ein eksperimentell og noko annleis konsertoppleving rådar eg deg til å sjekke dei ut på Trondheim Calling i Februar. Gled deg.
8/10 TRYNER!
Jarand Aga Baas