Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
El Caco.png

Evig Lyttar gjer live plateprat med El Caco på Vintersabbat!

November 21, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Anbefalingar

Yes folkens, Evig Lyttar har slått seg saman med Høstsabbat når dei om to veker skal feira sitt femårs jubileum med ein eigen Vintersabbat på Krøsset i Oslo. Denne herlege dagen går av stabelen 2.desember og Evig Lyttar steller i gong ein live plateprat med sjølvaste El Caco! Intervjuet vil bli gjennomført av våre to eminente skribentar Rikke Karlsen og Fritz-Ragnvald Rimala Pettersen. Dei som les Evig Lyttar ofte veit jo kven desse knakande kjekke folka er, men for dei som lev i uvisse kan kanskje ein kjapp presentasjon vere naudsynt:

I tillegg til å vere skribent for Evig Lyttar er Rikke også ein av programleiarane i radioprogrammet ”Doom Di Doom” på Radiorakel, og gitarist i bandet DWAAL. Fritz-Ragnvald har skreve for fleire bloggar og magasiner før han blei skribent for Evig Lyttar, han har også spelt i forskjellige band i ei årrekkje, og er for tida aktiv som bassist i ATTAN. Begge er sjølvsagt lidenskapeleg opptekne av musikk og har følgt med i den norske scena lenge.

El Caco har i godt over eit tiår stått støtt som eit av landets viktigaste band innanfor hardrock/metal og treng vel strengt tatt ikkje ein nærmare introduksjon. Me ser fram til å sjå kva dette møtet kan få fram av digg rockeprat, refleksjonar og saftige historier! Intervjuet startar allereie klokka 15:00, og tidleg oppmøte vil definitivt vere verdt det enten du har vore fan av El Caco i ei årrekkje eller om du berre er interessert i musikk og/eller generell skitprat. Kven veit, har du nokre spørsmål du sjølv ynskjer å stille kan det godt tenkjast at det blir rom for det også!

Det andre som står på plakaten den 2.desember er også heilt uhorveleg bra, og inneheld i tillegg til platemesse og quiz konsertar med JABBA, Vokonus, Purple Hill Witch og Monolord. Som om ikkje det var nok speler DJ Ole Rokseth frå Hymn plater også! Steike dæven for ein kveld folkens!

Men hugs: Om du vil få med deg dette må du handla fort, for det er særs få billettar igjen.

Summon the spirits, gather the souls....


Program Vintersabbat Krøsset, Laurdag 2.desember:


13:00 Doors open

13-18:00 Record fair with Katakomben and Indie Recordings

15:00 Live talk with El Caco held by Evig Lyttar

17:00 Quiz – main prize includes a ticket to Høstsabbat -18

19:00 JABBA

20:00 Vokonis

21:00 Purple Hill Witch

23:00 Monolord

00:30 DJ Ole Rokseth (HYMN)

Finn ut meir på http://hostsabbat.no/

November 21, 2017 /Patrick Fardal
Vintersabbat, Evig Lyttar, Plateprat, Høstsabbat, El Caco
Framside, Anbefalingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!