Keiser - The Succubus
Når eg såg platecoveret for første gong var eg sikker på at dette kom til å bli ei Ensiferum-liknande vikingfolkplate som ikkje kom til å slå veldig godt an for øyrene mine. Men endå ein gong har denne bamsen lært at han ikkje skal døme boka etter coveret, og heller ikkje skue ulven på håra, eller kva det no heiter.
For det er ikkje noko Ensiferum-liknande vikingfolkplate som ventar deg når du kastar denne på anlegget. Eller jo, kanskje litt - men Keiser har gjort det på ein bra måte! Dette er ein blanding av alt som er godt med folk, svart og melodisk metal - komplementert av ein grisefeit skrikevokal som er akkurat passe jævlig. I tillegg dukkar det søren meg opp litt thrash også! "Morbid Manifestation" er det einaste unntaket. Sjølv om den er ganske kul høyres den ut som ein krysning av indiske tonar og ein spaghettiwesternfilm. Eventuelt kunne den vore introen til ein ny serie om "Making A Murderer". Eg veit ikkje kvifor, det berre er slik,
"The Malevolent" tek plata vidare der den skal vere. Her høyrer eg alt ifrå folkeriffing til melodisk metal, men det er heilt klart kulast når vokalen gjer sitt inntog - det er litt som den atmosfæriske metallen eg høyrte på i mine yngre dagar, så det blir rett og slett koseleg! "Into The Abyss" har ein perfekt blanding av kjappe riff og trommer og ein vokal som ligg og skrik i bakgrunnen - i tillegg til akkurat nok avbrekk i form av rolegare, meir badasspunkete parti. Kult!
"Pandemic Herb" trur eg me kan karakterisera som thrash. Feitt som berre det! Hadde vore kult å sjå denne låta her live. "The Succubus" tek oss litt tilbake til sphagettiwestern-vibbane, og tittellåta opplevast utruleg nok som ei avsporing frå resten. Eg har endå ikkje bestemt meg for om eg tykkjer den passar inn eller ikkje - det får berre tida vise. Og jaggu har Keiser avslutta plata si på omlag same måte som dei fleste viking/folk/metal band! "Vultures" er ei veldig vakker låt, men eg har høyrt den 100 gonger før.
Dette er første gongen eg har opplevd eit ynskje om å vere 50% viking og 50% cowboy. Kor kult er ikkje det?? Eg veit ikkje heilt om det hadde gått an å få til fysisk, men eg skulle søren meg fått det til altså.
Takk til Keiser for spennande debutplate!
3,5/5 TRYNER!
-Patrick K. Fardal