Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Fieldfare - s/t

March 01, 2017 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Det Trondheimsbaserte bandet består av fire musikantar som alle har gått jazzlinja ved NTNU i Trondheim, noko som kjem til syne i det stillferdige men elegante lydbilete. Ved å leike med jazzelementer skapar bandet eit veldig smakfullt preg på låtane. Sjølv om Fieldfare hovudsakleg består av bass, trommer, keys og vokal har bandet utarbeida eit breidt og fargerikt lydbilete. «Easier For You» og «Lone Wolf» er gode dømer på dette då dei er krydra med svevande lapsteel og andre effekter som gjev dei ein rik karakter.

Produksjonen er det ingenting å utsetje på. Lydmessig er det fløyelsmjukt og reint. Trommene er tydelege men ikkje for framtredande, og gir rom for vokalist Siril Malmedal Hauge til å skine. Låtskrivinga er ikkje banebrytande men den skil seg til dels frå vanlege popstrukturar med noko meir komplekse arrangement.

Store delar av plata er ganske dempa og beherska, noko som er veldig beroligande, men eg skulle gjerne ønskje meg litt meir intensitet frå Fieldfare. Mot slutten av låta «Stay» byggjer dei opp mot eit klimaks men det bryt aldri heilt ut av den fredfulle stemninga. Det er absolutt originalt men det ville skapt ei større spaningskurve om dei bevegde seg meir utanfor det rolige og trygge, gjerne i form av improviasjon eller til dømes ein solo.

Fieldfare leverer god og ambisiøs pop, ingen tvil. Drømmande pianomelodiar og flotte harmoniar med ein liten touch av jazz. Eg seier ikkje at dette her er revolusjonerande pop men det er absolutt eit respektabelt og solid tilskot til den norske undergrunnen. Slå deg ned i godstolen med noko godt å drikke, og nyt ein herlig halvtime med denne plata.

3,5/5 TRYNER

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Jarand Aga Baas

March 01, 2017 /Jarand Aga Baas
Fieldfare, S/T, EP, Norsk Musikk
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!