Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Endogenic - Hunter

February 27, 2017 by Patrick Fardal in Platemeldingar, Framside

Endogenic legg ikkje skjul på at dei diggar band som Lamb of God og Pantera. Låtskrivinga deira legg seg tett opp mot inspirasjonskjeldene. Åpningssporet «Your Time To Bleed» er groovemetal frå øverste hylle, det fengjar godt og bandet syr saman death metal og thrash til ein sprengferdig kombo. Trommene er i ein klasse for seg sjølv. Det aller meste av trommearbeidet er av høg kvalitet og meget underhaldande, spesielt på «Rise To Existence» låter det ekstra tight og punchy.

Dei 4-5 første låtane kan eg digge, men heilheiten skurrar litt til tross for imponerande prestasjonar. Eg forventar ikkje at dei skal finne opp hjulet på nytt, men eg kjenner at ein god del av materialet her har eg høyrt før. Endogenic serverer eit mangfald av riff og saftige brekk men det blir fort mykje på ein gong. Plata består av 11 knallharde låtar og tilbyr lite pusterom. Personleg meiner eg at det hadde passa fint med nokre rolige moment for å skape meir dynamikk.

Lydmessig har bandet også ein del forbetringspotensiale. Først og fremst er vokalen veldig varierande kvalitet på, nokre gongar høyres den isolert og metallisk ut. I tillegg er gitarane uryddige og grautete på enkelte parti.

Endogenic treff ikkje heilt blink med Hunter. For ferske metalheads fell nok dette i smak men for min del opplevast det heile litt resirkulert. Dette er nok knalltøft i ein livesetting der ein fokuserer meir på moshing og headbanging istadenfor innhald.

2,5/5 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Jarand Aga Baas 

February 27, 2017 /Patrick Fardal
Norsk Undergrunn, Endogenic, Hunter, Metall
Platemeldingar, Framside
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!