Stemningfull og aktuell punk frå Modern Love
Eg huksar at eg skreiv om Modern Love når dei var med på Bransjevelter 11 for ei tid tilbake, og eg har hatt eit auge med dei sidan - mykje fordi dei godt kunne gått rett inn i Noregs punke-era på 70-80-talet saman med The Aller Værste, Kjøtt og Wannskrækk. Om eg skal samanlikne dei med nokon frå moderne tid må det bli Hjerteslag - ein litt røffare versjon av bergensrockarane kanskje? Tøft er det iallefall.
Modern Love slepp singelen "Hold Meg" den 30.juni, men det skulle berre mangla at du får ein sniklytt hjå oss heile ni dagar i forkant!
Sjølv har bandet dette å seie om låta:
- "Hold meg" er en av ni låter på Tross alt. Det er den første utgivelsen Refuse Records og Stonehenge Records har slått seg sammen for å gi ut. Albumet ble spilt inn i de gamle lokalene til vårt favorittstudio Endless Tinnitus, rett før de måtte flytte, sommeren 2016. Det kan også nevnes at band som Negativ, The Ødeleggers, Knuste Ruter og Terrorstat spilte inn nydelig musikk i samme studio på den samme tida?
I tillegg til å vere både røff og tøff har låta ein veldig bra tekst. Men den skal du få tolka sjølv, sjekk ut låta nedanfor!
-Patrick Fardal