8 ting eg lærte på Tons Of Rock 2017

No har eg omsider kome meg til hektene att etter årets Tons Of Rock 2017 - og eg kunne ikkje vore meir nøgd. Om ein ser vekk ifrå at SIBIIR måtte gi tapt for vinden siste dagen var dette ei oppleving eg seint vil gløyme! Her er 8 ting eg lærte undervegs.

1: Ikkje undervurder solkrem

Eg er ikkje av den typen som solar meg noko særleg, på grunn av blant anna tatoveringar og kroppsleg usikkerheit, men denne gongen la eg all frykt til side og flekka av meg det eg kunne. Det var ikkje så grufullt heitt, og eg sat ikkje så lenge i sola, men jaggu blei eg både lobsterraud og svidd på delar av kroppen - leggen, knea, fjeset (med eit solid solbrilleskille) og på skallen. Eg kjøpte solkrem andre dagen då, så fekk redda meg inn att. No er eg både brun og fin, faktisk meir enn eg har vore på mange år!

2. Elgbab = matorgasme

Dette lyt nesten vere den diggaste matretten eg har ete på festival nokon sinne. Elgkebab! Elgbab! Secret sauce, kjøtt, salat og mais i eit deilig, steikt pitabrød. Dette blei fast nattmat, og turen heim til camp blei betydeleg kjekkare med denne i hendene. Jafsande, sjanglande og preikande med andre metallfolk. Det var som å putte rein smaksmagi i kjeften, som å tygge på ekstase. Det kan godt vere at ølinntaket hadde noko med dette å gjere, men eg trur faktisk den berre var så god som det høyres ut. Gimme more!

3. Abbath

Ein ting eg opplevde på denne festivalen var at samlege metalheads brukte ordet "ABBATH" til å helse på kvarandre. Du veit Abbath? Tidlegare vokalist i Immortal og no i Abbath? Fyren som tok ein Justin Bieber under årets Inferno? Han introduserer alltid seg sjølv med å sei namnet sitt på ein ganske spesiell måte - noko fleire fans har plukka opp. På campen kunne ein høyre i det fjerne; "Abbatttth!" og så kom svaret frå andre sida; "Abbattttth!!!" Du måtte nesten vere der for å sjå humoren, men det var fantastisk. Det kan også seiast at folk sprang mot kvarandre i Abbaths signatur "krabbegang" mens dei hylte til kvarandre - eit syn eg seint vil gløyme. 

4. Naboar er gull verdt

Med ein gong eg hadde fått stabla opp teltet (etter å ha teke det ned att fordi eg bomma på ein liten detalj) møtte me nokre av dei kjekkaste naboane ein kunne ynskja seg. Me blei sittande saman omlag kvar dag før konsertstart! Slike ting skal ikkje undervurderast - du bør ikkje vere usosial på slike plassar. Du bør gå ut og møte folk, enten det er naboen eller andre. Metalheads, tru det eller ei, er faktisk knakande kjekke personar som ikkje vil slå deg ned eller yppe. Eg opplevde ingenting truande denne helga, berre kjærleik og god stemning! Tusen takk til naboane våre for å ha gjort helga endå betre!

5: Scene plassert på toppen av ei festning + vind = dårleg kombinasjon

Siste dagen hadde eg flekka på meg den flunkande nye SIBIIR t-skjorta mi for å støtta opp under eit av dei feitaste banda frå Noreg mens dei reiv ned scena på toppen av Fredriksten Festning. Dette blei ikkje naudsynt, då vinden tok seg av det på eiga hand. Dette stogga samlege konsertar. Nokon av dei blei flytta til eit seinare tidspunkt, mens andre rett og slett berre gjekk ut. To av dei, Føss og SIBIIR blei berre kansellert. Eg fekk høyre at dette hadde skjedd året før også - då er det litt rart at dei ikkje har sikra seg betre eller iallefall funne ei løysning som funkar, vind eller ikkje. Tons of Wind? 

6. Turbonegro ER ein verdig erstattar for Blink 182

Eg veit at det er mange som har sytt og klaga alt dei maktar over at Blink 182 avlyste, men eg føler meg ikkje akkurat svikta. Det hadde vore kult å sjå poppunkarane på norsk jord, tru meg, men eg er ikkje akkurat tårevåt over tapet - mykje på grunn av stemninga Turbonegro skapa den første kvelden. I ein ekstase av rap, covers og solide gjennomspelingar av gamalt og nytt Turbo-materiale var det duka for fullt festkalas og hopping på Fredriksten Festning. Med Tony Sylvester i front (iført det deilige kostymet som lett ville fått meg til å spele på same lag, om du forstår) tok dei publikum med seg på ei reise av latter, glede og deathpunk. Ikkje noko eg kjem til å gløyma!

7. Kjapptur til Sverige er ikkje feil

Det er ikkje dumt å ta turen over til Svinesund når ein befinn seg på Tons Of Rock, spesielt når ein har bil og litt tid på dagen før ting sparkast i gong. Eg og festivalkompanjongen min våkna alt for tidleg andre dagen og bestemte oss for å køyre straka vegen over grensa. Det viste seg å bli ein time for tidleg då, me var der lenge før ting åpna, men eg fekk kjøpt meg både snop, øl og snus, noko som kjem godt med på festival. Mykje kjekt å sjå der altså! Rrrreksmørgås!

8. Taake og Vazelina Bilopphøggers på same scene

Dette er sjukt folkens. Først får ein oppleve Taake, med sin ville frontmann Hoest som den fødte svartmetallfrontmannen han er, gripe tak i scena og røske festningen ned til rota med banjo, skriking, vill riffing og knallsterke trommer. Seinare på kvelden får ein sjå den same røskinga - denne gongen i form av sjølvaste Vazelina Bilopphøggers! Moshpit blir bytta ut med pardans, men stemninga var den same. Eg trur eg har sett alt! Ingenting er betre enn å sjå ein haug med metalfolk nikke fint og skrike med til "5 Fyrer Med Ved"! Kompanjongen min fekk ein Bon Jovi vinyl rett i bakhovudet under siste låta då, det var ikkje så kjekt. Og Elgbab-plassen var stengt etter konsertslutt, men eg fekk heldigvis grabba til meg nokre solide grillspyd med deilig svinekjøtt istaden. For ein avslutning!

Takk for meg TOR, eg kjem attende!

-Patrick Fardal