Lynrask og hardbarka pønk med Laarhöne

Laarhöne er eit band eg har lite kjennskap til frå før, men dei siste dagane er det den nye plata deira Sell Outs Som Ingen Vil Kjøpe som har prega Spotifyen min. Denne plata viste seg å vere utfordrande på mange felt. Alt du eigentleg treng å vite, er at det stort sett dreier seg om lynrask og hardbarka pønk med stor ø.

Sell Outs Som Ingen Vil Kjøpe er på mange måtar ei gøyal plate. Frå evigvarande d-beat punketrommer til politiske tekstar med ekstra humoristisk vri. Plata er også på mange måtar dryg.

Lydbiletet er i alle fall temmeleg spikra, gitar med feit vreng og ein trommis som slår som om det sto om livet. Det er verkeleg ein intensitet som ikkje liknar noko anna.  Vokalen er også i store trekk ganske solid, med unntak av «Ti Tonic» der ei sur gjestestemme dessverre øydelegg mykje. Produksjonsmessig høyres det akkurat passe polert ut, råskapen i punken er godt bevart.

Dei fire første låtane har ein god driv og eg må sjølvsagt le når det catchy refrenget på «Ayn Rand» kickar inn. Alt tyder sålangt på at Laarhöne meistrar å skrive underhaldande og vittige tekstar. Kvaliteten dalar noko i mine auger ettersom bandet ikkje skapar nok variasjon i takt med låtane. Materialet er fortsatt underhaldande,  men eg vert sittande å lytte etter noko nytt og spanande. «SpøkelZ» er heldigvis ei av dei meir progressive låtane som til ei viss grad hentar inn igjen merksemda mi.

Inntrykket mitt er at Laarhöne har funne seg eit tempo og ei rutine som dei trivst med, dessverre kjem dette også med ei ulempe. Eg får tidleg kjensla av at dette er eit maraton, utan moglegheit for å ta seg eit pust i bakken. Introane på blant anna «Erna & Siv» og «SpøkelZ» er nok det nærmaste ein kjem eit skikkeleg avbrekk på plata. I tillegg er den gjennomsyra av standard punkebeat som sluttar å være gøyalt etter 7-8 låtar.

Trikset er nok å ta ein del av materialet til Laarhöne med ei klype salt. Denne formen for humoristisk og dagsaktuell punk duger fint i korte intervallar og sikkert også med nokre øl innabords. Med fare for å høyres ut som ein bitter gammal mann utan rock i blodet: det vert litt for mykje tull og for lite spenning. Som liveband kan eg tenkje meg at det sit som eit skudd, på plate når dei uheldigvis ikkje heilt opp.

5/10 TRYNER

-Jarand Aga Baas