Aktuell punkrock med The Regent
Det er sommar. Rundt denne tida kvart einaste år går eg tilbake til min ungdom og høyrer på punken som snurra konstant på mine yngre dagar, blant anna NOFX, Bad Religion, Propaghandi og Pennywise. Band som dette lagar ikkje berre uhyre fengjande punk, men tekstane deira tek føre seg tema som betyr noko, spesielt innanfor politikk.
Trondheimsbandet The Regent er eit slikt band. Fengjande og tekstmessig aktuell! Når eg kom over denne låta gjennom Evig Lyttars Norske Godtepose blei det naudsynt å dela den som ei tilråding også - rett og slett fordi den er steintøff, og fordi den har mykje til felles med dei banda eg nemnte over her.
Sjølv seier bandet dette om låta:
Eg har ikkje meir å seie, anna enn at du skal skru opp volumet og trykke play nedanfor. Kos deg, og ha ein fortsatt deilig sommar!
-Patrick Fardal