KVEL´EM ALL - Kvelertak Spesial - Del 1
Kvelertak. For dei fleste lesarane våre er det klinkande, knusande klart kven denne gjengen er, og kva dei har fått til. Sidan debutplata "Kvelertak" kom ut i 2010 (som lyn frå klar himmel for nokon, meg inkludert) har dei pressa foten så hardt ned på pedalen at den i dag omlag er knust. Dei var eit band på rett stad til rett tid, med rett "sound" og rett vilje til å få ting gjort. Med eit 30-tals konsertar under beltet berre i Noreg til debutplata smalt sommaren 2010 har bandet berre sett framover, og spelt hundrevis av konsertar internasjonalt kvart år sidan. I dag har me altså eit norsk band som skal på turné saman med legendariske Metallica som spesielt inviterte heidersgjester.
For det første er dette utruleg kult. For det andre er det utruleg viktig, ikkje berre for Kvelertak, men for norsk musikk generelt - ikkje minst den norske undergrunnsscena. Kvelertak har alltid vore flinke til å ta med seg både større og mindre band frå Noregs fantastiske undergrunn på turné, og eg kan med handa på hjartet seie at dei har bidrege til å pushe meir eller mindre ukjende band fram i lyset. Eg har eit inntrykk av at, til tross for all suksess, har dei beina sine godt blanda på jorda. Det er jo absolutt ingen tvil om at ein slik turné (med Metallica, eit av klodens største band), er eit solid steg oppover rock og metallfjellet for alle band som får moglegheit til å bli med!
Sidan eg først høyrde "Ulvetid" har eg vore på utkikk etter meir. Eg har saumfart Youtube utallige gonger etter meir Kvelertak-greier - intervju, morsomme saker eller berre musikkvideoar. Eg har rett og slett blitt ein blodfan. Eg har headbanga til utallige konsertar, eg har moshpita til det omlag har svartna for meg, eg har teke bilete med samlege bandmedlemmar. Eg har kjøpt omlag kvar einaste t-skjorte dei har, og eg bestilte den der "merchpakka" frå deira førre album "Nattesferd" med den steintøffe logo-pin greia. På same tid held eg meg kritisk, men eg kan ikkje unngå å tenkje følgjande: Fy flate kor tøft det er at eit norsk band som skrik på NORSKE tekstar, stavangernorske tekstar, klarar å fengje eit internasjonalt publikum på den måten dei gjer! Det er også hinsides bra at dei tek seg tid til andre prosjekt (Beachheads, Djevel, Tempel), og at dei tek med seg andre norske band på turné. Dette er eit band som så absolutt er audmjuke sjølv om dei har hausta utruleg suksess dei siste åra - solide terningkast har hagla i musikkpressa, fire Spellemannsprisar har blitt plassert i bandets hender og turnear med band som Baroness, Mastodon og Converge har blitt verkelegheit. Dei har blitt invitert til det som er av festivalar, og både Dave Grohl og Metallicas James Hetfield er fans. Ja og kronprinsen då, me må ikkje gløyme krompen!
Kvelertak har alltid blitt knytta til noko større. Med to plater produsert av Converge sin gitarist og anerkjente produsent Kurt Ballou og platecover designa av den særs ettertrakta Baronessfrontmannen John Dyer Baizley har dei verkeleg slått på stortromma ved kvar einaste anledning. Bandet har ikkje vore redd for å ta sjansar, og dei har alltid vore seg sjølv. Dei tok ein skikkeleg heilomvending med tredjeplata "Nattesferd" ved å skifte produsent, innspelingslokale og platekunstnar, men til god kritikk frå dei fleste blekker. For meg verker det som at karane ikkje akkurat bekymrar seg for kva folk tenkjer, men at dei sigler sin eigen sjø og gjer sin eigen greie til det siste - dei vil på ingen måte selge seg sjølv eller sette seg fast i ei felle. Dette er også grunnar som gjer Kvelertak til ein solid ressurs for andre, norske band!
Det er nettopp dette me skal ta føre oss i denne saftige trilogien av ein artikkel - kva er det som gjer Kvelertak til eit så viktig band for Noreg? Kva gjer at dei har beina så godt planta på jorda, og kva tykkjer andre om suksessen og denne turneen som no står for tur?
Me skal snakka med bransjemannen og ringreven Asbjørn Slettemark (Pyro, Lydverket), Kristian Kallevik frå Fysisk Format (SIBIIR, Ondt Blod, Beachheads), gitarist Tobias Gausemel Backe (SIBIIR), Kathrine Synnes Finnskog (Music Norway) og Thomas Seltzer (Turbonegro, Trygdekontoret) om akkurat dette.
I tredje og siste del skal me sjølvsagt snakka med Kvelertak. Kva er svaret deira? Kvifor har det blitt som det har blitt? Og kva er deira topp 5 minner med bandet? Dette lovar godt folkens! Fyldige saker.
Heilt på tampen, for å avslutta dette meisterverket, har me ein kanonfeit konkurranse med sjølvaste Volcom! Detaljar om både premie og korleis de kan delta kjem seinare, følg med!
Del 2: http://eviglyttar.no/blogg/2017/8/4/kvel-em-all-kvelertak-spesial-del-2
-Patrick Fardal
-Fritz-Ragnvald Rimala Pettersen (Idémyldring, sponsor, research)