Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
Foto: Andrea Sitara Gran

Foto: Andrea Sitara Gran

Post-punk perle frå Duvel

July 25, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Låtpremiere

Når eg var på Blitzhuset tidlegare i sommar opplevde eg noko hårreisande kjekt. Fysisk Format hadde ein showcase der, og eit av banda som fekk strutte med fjæra var Duvel (namnet tyder djevel eller rett og slett rakkarunge). Totalt ukjent for meg, og som eg forstod heilt flunkande nye i gamet. Dei var som snytt frå 80-talet i klesstilen (vokalisten spesielt). Men det var ikkje kleda som gjorde at eg blei ståande og måpa hemningslaust med pilsen i handa som ein raring - det var musikken. Det var som om bandet guida meg på ein tur tilbake i tid, nærmare bestemt til seint 70/tidleg 80-talets Manchester, då band som Joy Division sprang fram og seinare skulle bli legendariske. 

Post-punk er ein sjanger eg har elska sidan 2009, og du anar ikkje kor forbanna kjekt det er å sjå at norske band speler slik musikk - og ikkje minst gjer det så bra som Duvel. Med kun låta "Strange" ute har dei allereie etablert seg som eit band du bør følgja med på. 

I dag kan du høyre singel nummer to, "Winter Dreams"! Når eg såg denne bli spelt live under Fysisk Fest visste eg at den lett kom til å bli ein av mine favorittar. Det kjem eit intervju med bandet ved eit anna høve, men no skal du berre trykka play nedanfor her. Kos deg!

-Patrick Fardal

July 25, 2017 /Patrick Fardal
Duvel, Winter Dreams, Fysisk Format, Singel, Post Punk, Norsk Musikk, Norsk Undergrunn, Evig Lyttar
Framside, Låtpremiere
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!