Ei rykande fersk låt frå eit flunkande nytt band
Det er alltid stas når eit nytt band ser dagens lys, og med medlemmar (Ole Spangrud, Tony Gonzalez og Mathias Østrem) frå blant anna Barren Womb, Helgeland 8-bit Squad og Like Rats From A Sinking Ship veit du at det blir spennande. Dårli Te Beins heiter trioen, og dei hadde premiere på sin første låt "E du" hjå P3Tete i går. I dag får du den servert her hjå oss også, for sikkerheitsskuld.
Eg har mykje godt å seie om denne låta, men det beste komplimentet eg kan kome med er utan tvil at dette godt kunne vore med på ei Dinosaur Jr. plate. Vokalen, gitaren, indierocken - alt er der - kanskje med unntak av J Mascis sine hylande soloar, men det trengs ikkje her.
I spørsmålet om kva tekstane på den komande plata handlar om, kan vokalisten i trioen kome med dette svaret:
Eg tenkjer at eg ikkje treng å skriva meir akkurat no, berre trykk play nedanfor!
-Patrick Fardal