Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Underwing - Kaela Upsweep

August 01, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Underwing fascinerar og utfordrar med sin nokså omfattande stil på EPen Kaela Upsweep. Arendal-bandet arbeider med ein særs rik sjangerblanding som skapar ei energisk, men tidvis ujevn lyttaroppleving. Vert det for mykje av det gode?

Åpningsporet «Sunless Seed» introduserar oss for ein sound som byggjer mykje på spretne riff og solid gitardriv. Førsteinntrykket er ikkje så verst, med unntak av ein skarp og nokså rå vokal. Sakte men sikkert dreg bandet inn fleire sjangrar som på sett og vis blandast saman til ein form for alternativ rock. Underwing hentar som sagt inspirasjon frå mange sjangrar, men skapar ein del hinder for seg sjølv i prosessen.

Forsøket på å lage ein særeigen stil visnar litt i alt mylderet. Noko av dette har eg høyrt før, og noko opplevast meir som bruddstykker frå ulike sjangar enn heile låtar. Bandet kan by på både grunge, prog og melodiøs metal men slit med å skape ein samanheng. Lyden i seg sjølv er jamnt over god, det er heller låtane som er det svake leddet her.

Låten «Kaela» tek ei meir progressiv vending og vert ståande som lyspunktet på plata for min del. Introen går sakte over i ei rocka proglåt og endar i ei hardtslåande klimaks. Her lykkast Underwing med å skape den spaningskurven og flyten som elles manglar i mykje av materialet.

Å skape eit særpreg er noko eg trur Underwing lett kan makte, dersom det heile knyttast betre saman for å rydde opp og skape meir flyt. Bandet har mykje å by på, dessverre kjem ikkje alt like tydeleg fram på Kaela Upsweep.

5/10 TRYNER

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Jarand Aga Baas

August 01, 2017 /Patrick Fardal
Underwing, Evig Lyttar, Kaela Upsweep
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!