Dette er kjærleik, Spidergawd!
Det er ikkje til å stikke under ein stol at eg har blitt over gjennomsnittleg fan av Spidergawd i sommar. Eg har sovna til dei, våkna til dei, dagdrøymt om å laga ein slags "Spiderjugend" fanklubb lik den Turbonegro har - med denimjakke og heile det der kalaset. Eg har kjøpt t-skjorte, caps og sydd logopatchen deira på favorittjakka mi. Eg har høyrt katalogen deira frå start til slutt konstant dei siste vekene. Kva i alle dagar er det som feiler meg, spør du kanskje? Eg har jo berre sett dei live ein einaste gong!
Vel, sist gong noko så kraftig skjedde meg må ha vore i 2010 når Kvelertak knuste alt som heitte "bra musikk" rett i jorda og sparka seg med tunge, målretta føtter rett inn på førsteplassen over alle førsteplassar på lista mi over favorittband. No trur eg trur jaggu at både Spidergawd og Kvelertak sit på toppen av denne metaforiske kransekaka, eller isfjellet om du vil - no er den ultimate draumen min å sjå begge desse banda live på ein og same kveld for deretter å Youtube-intervjue dei etterpå (ja, Youtube-sessions blir prioritert framover, eg trur det kan bli steintøft).
Det må også seiast at når eg først såg Spidergawd live så smalt det så hardt inni meg at eg ikkje heilt visste kor eg skulle ta vegen etterpå. Eg følte meg heilt tappa for all energi, men på same tid kjente eg ei kraft inni meg som ikkje ville sleppe taket. Det å sjå den gjengen der (og spesielt trommis Kenneth Kapstad) sparke alt rett til himmels på scena var noko for seg sjølv. Den einaste gongen eg har opplevd noko liknande var Kvelertak på Bukta 2016! For nokre beist dei banda der er altså...
Nok babling frå meg no, eg skal jo anbefala noko til deg for svarte svingande. I dag vil eg gjerne at du skaffar deg Spidergawd sin nyaste fullengdar, IV, og fyrer den på full guffe i heimen! Gjerne del opplevinga med ein nær venn eller din kjære, det kan berre bli god stemning uansett. Dra med deg ein mindre god venn også! Lås dykk inn på rommet og høyr denne frå start til slutt - då blir det god stemning.
Eg kan ikkje ein gong beskrive for deg kor sinnsvakt bra låtane på denne plata er. Frå "Is This Love..?" som inneheld det aller feitaste refrenget, den deiligaste saxofon/gitar kombinasjonen og det aller beste "klimakset etter soloen" eg har høyrt på lang tid, vidare til "LouCille" med det beste riffet, den deiligaste tromminga og den råaste teksten. "The Inevitable" har eit musikalsk parti som gir meg totalt gåsehud frå topp til tå med sitt lange solo/instrumentalparti som når eit deilig klimaks rundt 06.50 uti, mens "Ballad Of A Millionaire (Song For Elina)" er ei drøy og direkte låt dedikert til ei dotter.
Denne skiva er tettpakka med knallsterke trommer, uendeleg feit riffing, soloar som garantert gir deg hår på brystet og ein sax som piffar det heile nokre solide hakk opp - den ligg ofte og lurar i bakgrunnen, men er likevel viktig som F for at alt skal sitte slik det altså gjer. I tillegg ligg bassen i botnen og lagar ein sterk grunnmur (sjølv om eg skulle likt at den hadde vore like tydeleg som på refrenga i "Is This Love..?". Plata avsluttast med det som kan kallast ein ekte homage til "heavyrocken", "Stranglehold". Med litt hjelp frå Kvelertaks Erlend Hjelvik sitt karakteristiske stemmeband og eit særs feitt riff utover i låta blir dette ein kraftig avslutning. Kva er det å ikkje lika her folkens?
Is this Love? spør dette fantastiske orkesteret frå Trøndelag. Eg kan ikkje anna enn å svara at jau, dette er definitivt kjærleik - av høgaste sort. Hjarteleg takk, Spidergawd!
-Patrick Fardal