Frå draumande indiepop til progressiv stonerrock med Fjellparkfestivalen
Med heile 36 år under beltet har Fjellparkfestivalen opparbeida seg ei rik festivalhistorie, og har vore vitja av nye og aktuelle norske artistar gong på gong. 2017 er inga unntak. Her kjem ei melding av årets program, samt ein liten peikepinn på kva artistar eg tykkjer du ibør få med deg. Banda eg vil trekke fram er artistar eg har stor tru på, og som eg spår vil skape ei deilig konsertoppleving.
Programmet er krydra med alt ifrå draumande indiepop og røff blues til progressiv stonerrock. Med andre ord, noko for ein kvar smak. Her er fleire store namn på plakaten, deriblant CC Cowboys. Om du er på utkikk etter ei solid konsertoppleving trur eg ikkje du vert skuffa, då dei fleste har ein kjennskap til desse rockarane. Garantert god stemning. Det er også deilig å sjå at ein festival med fokus på ny musikk likevel sett pris på etablerte artistar som alleire har eit innarbeid forhold til det norske publikum.
I kategorien unge og aktuelle artistar har Fjellparkfestivalen booka ei variert blanding av "up and coming" namn som representerer «the cutting edge» av norsk musikk. Eit av dei er Hysj, som spelar ganske hard electronica/noise. Denne duoen slapp ein ny EP i mars og slår hardt frå seg med ei ganske artsy blanding av elektriske beats og punchy instrumentering. Definitivt noko å halde eit auge med.
Ein anna duo å bite seg merke i er Aiming For Enrike. I fjor ga dei ut Segway Nation, ei av mine favorittplater frå 2016. Det er bemerkelsesverdig kva slags utanomjordisk lydbilete desse to klarar å skape frå berre trommer og gitar. Mykje av det dei driv med dreier seg om fiffig bruk av effektpedalar samt deilig jazzete trommegrooves. Dersom du føretrekk rocken din av det tyngre slaget kan du glede deg til blant anna Truckfighters, svenske gigantar innan stonerrock. Dette vert ein konsert med maks fuzzfaktor. I same åndedrag kan me nemne Elder og Nag som garantert vil riste pilsen ut av hendene dine. Ikkje for sarte sjelar!
Ikkje fortvil, her er også mykje å gleda seg til for dei som set pris på noko litt mildare, men minst lika spanande. Oslobaserte FOAMMM og Are You Having Fun Yet? frå Kristiansand har ulma rundt i undergrunnen ei stund og er klare til å spreie den herlig svevande poprocken til Fjellparkfestivalen. Ein siste personleg anbefaling frå meg til deg er å få med deg Beachheads. Beachheads spelar ein håndfull konsertar i sommar, og eg kan nærmast lova deg ein kosleg kveld med nostalgisk powerpop og sommarsteming så langt auga kan sjå. Be there.
Dette er berre nokre få av banda som vitjar Fjellparkfestivalen i år, det ligg endå fleire godbitar i vente på plakaten deira. Deriblant finn du LÜT, King Buffalo, MaidaVale, Luli og Sløtface, berre for å nemne nokre. Fri 20-22 Juli? Akkurat fått feriepengane dine? Då veit du kor du skal.
-Jarand Aga Baas