Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
a1612661386_10.jpg

Dödsrit - Spirit Crusher

October 09, 2018 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Hjå Evig Lyttar er me ikkje framand for ein musikalsk harrytur eller to, især ikkje når ein får servert ein av årets mest interessante metallutgjevingar, berre nokre steinkast frå riksgrensa.

Dödsrit (Dødsritual, red. anm.) er soloprosjektet til Christoffer Öster, og Spirit Crusher kjem som ein slags oppfølgjar til fjorårets sjølvtitulerte EP, Dödsrit. Der EPen var eit sjangermiksande metallfyrverkeri, med tydelege element frå punk, svartmetall og folkemusikk, er Spirit Crusher eit mykje meir reindyrka og avdempa produkt, med spissa fokus på svartmetall og blackgaze (musikk med lydbilete frå svartmetall ispedd mjukare og draumande element, red. anm). Sjangerkverulantar vil truleg meine noko om at crust punk også må nemnast, og her er ingen grunn til å vere vanskeleg, for Spirit Crusher står ikkje tilbake for nokon av desse sjangrane.

Me snakkar intens og storslagen musikk, der Öster har som mål å attskape stemninga og isolasjonskjensla frå dei djupe skogområda i Sverige. På den eine sida er det ikkje tvil om at det lukkast, for denne plata røskar avstade, som ein vondskapsfull hauststorm over furukroner og myrvatn. Låtane grip tak i lyttaren, som med tunge, blastbeatdrevne og draumande passasjar gir næring til melankoli, ettertenksam ro og kronisk lengsle mot naturen. Ikkje ulikt Taakes vestlandskvad eller Primordials hyllast av heimøya Irland - og av same, høge kvalitet.  

Samstundes forsvinn noko av den variasjonen som gjorde Dödsrit-EPen til eit uvanleg forfriskande pust. På Spirit Crusher er tydelege punkreferanser avgrensa til korte trommesekvensar i dei tre første låtane, medan det festlege og vellukka folkemusikkelementa frå EPen glimrar med sitt fråvær. Det er mykje mindre hopp og sprett og tjo og hei, men det er heller ikkje poenget med denne plata.

Ein bør nemleg dyrke og nyte Spirit Crusher for kva det er. Ein eminent musikalsk representasjon av naturinspirert fridom og kreativitet, som held seg innanfor nokre ganske tydelege rammar. Dei to fyrste låtane, “Aura” og “Ändløsa Ådror” (endelause årer, red. anm), står som formidable og vakre hyllester til skogens eigenverdi, der ein kan tolka inn nær sagt alle naturens fasettar. Liv, daud, nedbryting, oppstode, storm og harmoni - du finn det i låtane til Dödsrit. Sjølv om dei to siste låtane, “A Drowning Voice” og “Spirit Crusher” ikkje held same skyhøge nivå, er dette alt i alt eit særs sterkt album. Om du berre har eit snev av interesse i Alcest, Deafheaven, Djevel, Taake, svartmetall eller skogdrift, bør du gje plata eit forsøk eller to.

Spirit Crusher yter utan tvil naturen rettferd i sin freistnad på å representera villmarka, og eg seier som Ole Brumm: Tur i skogen eller Spirit Crusher på øyret? Jo takk, begge delar.


8 / 10 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

Marius H.D. Salvesen

October 09, 2018 /Patrick Fardal
Dödsrit, Spirit Crusher, Platemelding, Sverige, Metal, Crust, Punk, Black metal
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!