Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
Iceland Airwaves (Foto: Jimson Carr)

Iceland Airwaves (Foto: Jimson Carr)

Lovise Lea - Korleis eg overlevde Iceland Airwaves

November 13, 2018 by Patrick Fardal in Framside, Anbefalingar

Når ein kjenner nokon som bur i sjølvaste Island lyt ein nesten åpna moglegheita for at denne personen kan skriva noko for Evig Lyttar. Lovise Lea er ein slik person, og ho hang ut på Iceland Airwaves i helga! Det kjem nokre konsertmeldingar etter kvart, men er er ein liten stemningsrapport:


Eg har vore på mange festivalar i mitt liv, men dei fleste har vore på sommaren kor ein kan drikka øl i sola og bur i telt på eit jorde, gjerne med plussgrader og god stemning. Eg har der i mot aldri vore på ein festival i verdas nordlegaste hovudstad i November. Her er ein guide for å overleva Iceland Airwaves.

Få i deg vatn

Ja, eg veit at eg er litt hønemor no men det er viktig å ikkje verte dehydrert. Derimot er noko av det aller finaste med Island eit av dei 7 symjebassenga i sentrum. Ikkje kjøp ein dyr billett til Blue Lagoon, men ligg heller i ein heitur pottur og bli kvitt bakrusen, eventuelt fylleangsten, til halvparten av prisen. Ein kan også faktisk symje i eit symjebasseng, men det er ingen som eigentleg gjer det.

Mat mat mat!!

Et ein iskrem etter symjeturen. Island elskar is, og det er iskrembutikkar omtrent rundt kvart hjørne. Ikkje at eg kan klage på det, få ting er så godt som iskrem etter eit varmt bad. Dei fleste iskrembutikkane har også veganske alternativ. Dei er faktisk dødsflinke på vegansk og vegetarisk mat her, så ikkje berre et is!

Gjer litt grovarbeid

Iceland airwaves fungerer litt som by:larm, alle konsertane er rundt forbi i byen på små barar og konsertlokale. Ein kan difor risikere å stå i lange køar for å kome inn på dei konsertane ein vil. Då er det viktig å planlegge godt kva ein vil sjå! Sjølv om det også kan vere lurt å ta ting litt på sparket, ein går fort glipp av fine små artistar om ein berre planlegg å sjå dei aller største.

Utfordring: Eg utfordrar deg til å planlegge så godt at du slepp å møte på ein ekskjærast, ein tidligare bestevenn eller ein gal svigerfar. Tru meg, det er eigentlig umogleg.

Layer up

Kle deg i fleire lag. Eg skal ikkje lyge og seie at Island ikkje er kaldt. Ettersom dei fleste lokala er små kan ein og risikere å stå lenge i kø for å kome inn til dei konsertane ein vil på. Eg lovar deg at det er ikkje noko kjekt å stå ute og fryse, så kle deg i fleire lag som du lett kan slenge frå deg når du kjem inn og blir møtt av den menneskelege veggen av varme.

Køyreturar

Dra på køyretur, Island er meir enn berre Reykjavik. Leig deg ein bil og ta med deg alle venane dine og køyr litt utanfor byen. Ein skal ikkje så langt vekk frå storbyen før ein får sjå et unikt landskap, nordlys om ein er heldig og i tillegg masse naturlege heitur pottur ein kan bade i. Ein kan også ri på hestar, sjå geysirar og isbrear.

Lovise Lea

November 13, 2018 /Patrick Fardal
Iceland Airwaves, Gjesteskribent, Stemningsrapport
Framside, Anbefalingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!