Radiojørn - 4400: Eit skikkeleg groovy stykke arbeid
Radiojørn! Me snakkar stonerrock og doom, type steintung. Bandet slapp nyleg kraftpluggen 4400, og plata inneheld akkurat det du kan forvente av eit band som Radiojørn, eit eksplosivt og høgst fengande knippe låtar.
«Radion» gjev deg ein god peikepinn på kva slags univers bandet trivst best i. Det startar på topp med både stilige harmoniar, hylande gitarsolo og eit refreng som klistrar seg fast i øyrekanalen din. Riffa ligg skikkeleg bakpå, alt gyngar fram og tilbake i eit hav av fuzz.
Etter denne låta har eg ein viss aning om kvar dette skal gå, men bandet tek eit artig grep og serverer «Stjernane», det nærmaste du kjem ein doom-ballade. Også på denne låta er utrykket og vokalen ekstremt fengande, takka ei utvida instrumentering og fin koring. Det let gjennomarbeida men med stor fokus på riff og hooks. Både det basstunge uttrykket og riffa kan minne om Black Debbath på fleire låtar, men kanskje spesielt på «Natta». Dette har kanskje også noko med det saftige orgelet å gjere, ikkje at det betyr mykje då det groovar så ufatteleg bra.
Dei første taktane på «Ta Meg Med» kunne vore tatt ut ifrå «St. Anger», ikkje at eg legg noko negativt i akkurat det. Låta gjev frå seg rikeleg med riff og kløktig rytmeleik, men mykje av det denne låta vil oppnå har allereie skjedd på åpningslåta. Mesteparten av det bandet har kokt saman diggar eg. Det er ingen twist eller krumspring som overraskar meg, men eg ventar heller ikkje på det. Her får du nøyaktig det du vil ha, hardtslåande tungrock.
Radiojörn tek også nokre små avstikkarar inn mot meir atmosfærisk rock på både «Stjernane» og tittelsporet. Desse små avbrekka skapar dynamikk og hevar alt nokre hakk. Lyttaropplevinga kan verte litt lang, men plata svekkast ikkje nemneverdig av den grunn. Avslutninga er ei klassisk instrumental stonerlåt, med eit hovudriff Thulsa Doom kunne stått bak. Mektige greier. Omtrent halvvegs skiftar låta retning, inn mot noko meir psykadelisk og avslappande. Alt ender i ein halsbrekkande gitarsolo, noko som aldri slår feil.
Dette er ikkje ei sjangerveltande plate, men det venta eg heller ikkje. Dette er eit skikkeleg groovy stykke arbeid, og bak står nokre unge musikarar som absolutt kan sitt fag. Anbefalar å spele denne høgt mens du brølar med på refrenga.
7/10 TRYNER!
Jarand Aga Baas