Fjellparkfestivalen 2018: Lydmiksar med solstikk, livestream og dedikerte ungdomar
Eg har vore på mange festivalar i mi tid, men Fjellparkfestivalen i år tok heile kaka og alt tilbehøret. Eg kunne ikkje sett føre meg ein betre festival å dekka på den måten meg og Sarah gjorde det - me er jo ekstremt DIY utan nokon i ryggen. Det same gjeld i stor grad Fjellparkfestivalen. Menneska bak dette er så dedikerte og så ivrige at det var ein fryd å oppleva. Eg vil gjerne takka alle i den gjengen for at me blei invitert til å ta del i dette her. For oss var det første gong me i det heile teke har gjennomført noko så krevjande, så det var trygt og godt å vita at me hadde denne gjengen å bli inspirert av!
Tusen takk til Erik Egenes for lån av bustad, utan den ville me vore i skikkeleg trøbbel. Og tusen takk til Leiv Martin for lån av bilete! Utan dei ville ikkje denne artikkelen vore like fin. Han har forresten endeleg fiksa seg facebookside som du kan sjekke ut og like her
Torsdag: Solstikk, humor og kickoff
Meg og Sarah stakk til Flekkefjord nokre dagar før festivalstart for å gjere litt forarbeid og filma litt av oppkjøringa til festivalen. Det angrar eg ikkje på - det ville vore sjukt stress å koma ned dit på torsdag og berre ta alt på strak arm. Likevel, dei dagane der treng me ikkje snakka så mykje om, det blei litt filming og litt bading og mykje pizzaeting (Tollboden har ein sinnsvakt god pizza som heiter Chili-Roy. Prøv den, seriøst. Den funkar like godt utan kjøt også, eg testa begge deler). Uansett. Torsdagen kom og kickoffet var i gang.
Men først må me faktisk snakka litt om utstyr som streikar på det minst beleilige tidspunktet mogleg. Steike ta altså, for noko skit.
Etter å ha hengt litt på festivalområdet for å filma opprigg av lyd og ølas ankomst kom den avtroppande PR-sjefen og Tiger-ansatte Erik Egenes og henta oss. Me skulle filma eit lite intervju med han på eit nydeleg utkikkspunkt over Flekkefjord. Opp gjekk me, nydeleg var det og praten gjekk lett. Plutseleg, som lyn frå klar himmel begynte lydmiksaren til Sarah å lage ein klikkelyd som sjølv ein sjukeheimspasient nede i sentrum kunne høyrt. "Klakk, klakk, klaaaakk" gjekk det, og me fekk det ikkje bort. Etter nokre forsøk spelte me inn intervjuet så godt me kunne, og du skal nok få det servert utan den der helsikes klikkelyden. Opptakaren min streika også, men det ordna seg heldigvis, takka være snille folk som stilte opp.
Det første bandet me snakka med og filma var partybandet Moron Police. Eg kallar det partyband ikkje fordi det er eit sånt band som speler på bursdagar og i bryllaup, men fordi dei bokstaveleg tala tok kontrollen på publikum og heldt den gjennom heile konserten - på ein god måte. Fyttigrisen for eit band. Og for ein frontmann! Sondre Skollevoll har ein karisma ein ikkje finn så ofte. I tillegg har dei ein trommis som veit å slå hardt og ein bassist som eg har kjent i nærmare 8 år, og som garantert er ein av dei råaste bassistane i Noreg. Me gjorde eit videointervju med det bandet, som naturleg nok blei ganske morsomt! Trommis Thore har verdas mest smittande latter, noko du kjem til å få oppleva på Youtube ganske snart.
Dei to andre banda som spelte på kickoffen var Purple X og Kuuk. Førstnemnde var ein slags thrashy punk-ish hardcoregruppe som, til tross for litt strengeproblem på gitaren, gjennomførte ein heilt kurrant konsert. Ikkje noko grensesprengande greier, men etter å ha høyrt så mykje om dei var det gøy å endeleg få oppleva det - dei har på mange måtar blitt eit slags kultband. Kuuk har eg også høyrt ein god del om, og her trur eg ord kjem til kort. Eg tykkjer det er kjempekult at eit band tek så av, men nokre av tekstane satte meg litt ut! Dei lagar sjukt bra liv då, og på same måte som med Moron Police tok dei eit godt tak i ballane på publikum - bokstaveleg tala.
Fredag - Budeie, tårer og livestream
Hovudplanen den dagen var å intervjue det engelske punkebandet Dream Nails. God stemning og sterke meiningar godt miksa inn i eit seriøst intervju og ein særdeles morsom quiz! Det heile enda i at dei laga ein ny sang, så fint kalla "Budeie". "Budeie, budeie, you put my heart on fire" var det vel. Men konsertmessig var det nok Frøkedal, Bendik og Kvelertak som stakk av med sigeren denne kvelden.
Bendik er eit band eg har klødd etter å sjå altfor lenge no, og du store grøne glitrande juletre som dei infridde på Fjellparkfestivalen. Eg stod der omlag i transe gjennom heile konserten. Og på favorittlåta mi "Kriger" blei eg våt i auga, det kan eg berre innrømma. Silje Halstensen har ein trollbindande vokal som er vanskeleg å overgå, det er som å bli sendt over til eit heilt anna univers der kun stemma hennar og lydane frå bandet eksisterer. I tillegg så har ho ein autoritet og ein sterk måte å ta kontroll over publikum på som berre må beundrast. Tusen takk!
På onsdagen før festivalen fekk me beskjed om at Erlend Hjelvik hadde slutta som vokalist i Kvelertak. Kva i alle dagar ville skje no? Leiinga i Fjellparkfestivalen visste ikkje noko, og me visste ingenting. Ville konserten bli avlyst? Sjølvsagt ikkje. Inn kom nyheita om at dei allereie hadde fiksa seg ny vokalist (dette hadde nok vore planlagt ei god stund, må vite), og alle lurte på kven det var. Kari Bremnes? Jan Teigen? Axl Rose? Eg hadde nokre mistankar sjølv som til slutt viste seg å stemma ganske greit, faktisk. Nokre timar før konserten kom meg og Sarah på at me eigentleg berre kunne vere med på å kringkasta denne nokså spesielle avdukinga. Det er så rått at dette skjedde på denne ungdomsstyrte festivalen, i lille Flekkefjord! Uansett. Klar stod vi, og eg må innrømma at eg (og mange andre) allereie visste kven som ville tre ut på scena saman med eit av Noregs aller beste liveband. Introen starta og eg fekk gåsehud over heile meg. Ut kom Ivar Nikolaisen, ein av dei mest legendariske frontmenn Noreg har sett - med bandana og oppreve Haraball t-skjorte. Det eksploderte i amfiet. Folk skreik. Eg skreik. Sånn seriøst, du kan høyra meg skrika i filmklippet, det ligg på Facebook.
Eg veit at eg har skreve mykje om Kvelertak frå før, så eg skal ikkje dra dette ut i det lange og breie. Men dette kan eg sei: Om ein ser vekk frå litt dårleg vokallyd og litt feil timing på starten av "Mjød" (ja, det er lov å bomme litt, spesielt når du skal debutere som vokalist for dette bandet her på så kort varsel), så var dette ein premiere utan sidestykke. Tusen takk Ivar, tusen takk Kvelertak.
Laurdag - Livesession, festivalmat og ei jente i raudt
Hovudplanen på laurdag var å besøka tropical death-bandet Vicereine på hytta dei heldt til for å spele inn ein akustisk livesession og eit intervju med dei. Me bar utstyret opp på eit knalltøft treloft, fulle av gamle møblar og ein estetikk som er perfekt til akustiske konsertar. Etter litt opprigg og køyring fram og tilbake for å henta lyskastarar var me klare. Me fekk tilogmed med oss eit ganske så ålreit publikum som blei med og klappa på den eine låta! Tusen takk til Leiv Martin for assistanse med både filming og opptak, du er ein genistrek av ein mann. Vår kjære lydmann Ørjan har hjulpe til med miksinga også, så resultatet blei knallbra, berre vent å sjå.
Det skjedde så mykje kjekt på festivalens siste dag. Eg fekk endeleg sjå brenn. , eit band eg har venta lenge på, ikkje berre fordi det er kul musikk, men også fordi me hadde premiere på deira aller første låt "Lillestrøm" for eit år sidan. Konserten var rett og slett knakande kjekk. Frontmann Edvard har ein karisma og ein personlegdom som er heilt unik - ein kan ikkje la vere å smila og le når ein heng med han eller ser han på scena. I tillegg blei han backa opp av eit kult band - ein meir fargerik gjeng skal du jaggu leita lenge etter!
Neste høgdepunkt denne kvelden var girl in red. Du veit, den jenta som ikkje har facebookside heilt endå, men som har klart å komme seg opp i 400 000 lyttarar i månaden på Spotify? Ho er så jordnær, kul og rolig med tanke på lovord og fanskare at det er inspirerande. Ho spelte på lillescena denne dagen, men eg tykkjer heilt ærleg at ho godt kunne teke storescena med storm. Tekstane hennar - som tek føre seg ekte og viktige tema, er noko heilt eige. Sjølv om lyden var litt kjip under delar av konserten var det ein fryd å endeleg få sjå ho opptre.
Fay Wildhagen er ein artist eg ikkje har hatt noko særleg forhold til frå før, men denne konserten ga meg noko eg ikkje kjem til å gløyme. Fy flate for ei stemme, for eit lydbilete! Eg tykkjer eigentleg at ord blir fattige her så eg skal ikkje skriva så mykje meir om det. Men har du moglegheita til å oppleva dette live så gjer du det.
Me måtte sjølvsagt intervjua brenn. og girl in red mens me hadde dei der. Desse to banda kjenner kvarandre godt frå før, då trommisen i brenn. også speler trommer i girl in red. Det var så god stemning mellom desse at eg valte å gjere ein liten vri på intervjuet. Kva det var får du sjølvsagt sjå på Youtube! I tillegg til intervjuet filma me også at banda fekk smaka på årets festivalmat-meny! Kari, som var årets matansvarleg diska opp med godsaker som gjekk rett heim både hjå meg og banda. Eg trur dette var det kjekkaste intervjuet me har gjort på Evig Lyttar, om ein ser vekk frå fulle folk som prøvde å koma seg inn i bilete og ein ganske kjip og dritings fyr som faktisk prøvde å sette ut Sarah ved å skrike ho i øyra midt under filminga. Nokon folk er rett og slett idiotar!
Visst eg seier "legendarisk band som er så knakande gode på scena og som har så feite riff og så sterk vokal at du kjem til å bli slått i bakken", kva seier du då? Du kan eigentleg sei akkurat kva du vil, men eg vil iallefall fram til Thulsa Doom. Vokalisten hang store delar av konserten med publikum, der han blant anna kom inn i ein slags diskusjon med ei jente midt i den eine låta. Utruleg bra altså. Tightare band trur eg ikkje du finn.
Siste høgdepunkt eg velg å dra fram må nesten bli Vicereine. Dette er eit av dei sterkaste banda Rogaland har sett på lang tid, og det beviste dei utan sidestykke under årets Fjellparkfestival. For ein samkøyrt gjeng dette er! No skal det seiast at eg er litt inhabil sidan eg kjenner dei ganske godt, men dette er faktisk den beste konserten dei har gjort i mine auge. Lillescena rista, publikum kasta seg inn i ein vill moshpit og vokalist Sigvart Waage tok som vanleg over heile showet.
Eg sit att med ein sliten kropp og ei nøgd sjel. Dette har eigentleg berre vore stas frå start til slutt, sjølv om me hadde problem med utstyret. Me kom oss gjennom det, mykje på grunn av Sarah. Steike for ein løysningsorientert og kreativ person det der er. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan ho! Tusen takk Sarah, eg veit at me hadde våre "hangry" periodar men neste gong skal me sørga for å eta meir og oftare. Du er fantastisk!
No på slutten passar det bra å koma med litt konstruktiv kritikk av festivalen då, det må jo til. For det første. Toalett-moglegheitene var ikkje heilt der dei kanskje burde ha vore. Fleire toalett hadde ikkje vore feil, og eg fekk høyre at handikaptoalettet var stengt på eit tidspunkt? Eg veit ikkje kvifor altså, kan hende det blei oversvømt eller streika, men uansett. I tillegg kunne matmenyen vore litt meir oversiktleg kanskje? Det var litt vanskeleg å vita kva som var vegansk og kva som var vegetar - slike ting blir jo viktigare og viktigare å halde styr på.
Tusen takk Fjellparkfestivalen. Eg elskar deg høgt, og eg kjem tilbake neste år.
Hugs å følg med på Youtubekanalen vår her for å få med deg alt me har filma og styrt med! Det kjem til å koma ut så fort me klarar å klippa/fiksa det ferdig!
Patrick Fardal