Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Metaspion - Folktronika Schmolkfonika

September 24, 2018 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Metaspion har produsert ei mildt sagt samansett plate, i eit ambisiøst forsøk på å smelte saman to vidt forskjellige og fargerike sjangrar. Dette er ein subsjanger eg ikkje visste eksisterte, kanskje var dette til min fordel? 

Som tittelen hintar om har Metaspion bakt inn folketonar i eit typisk EDM lydbilete. Til tider fengande, men eg merkar fort at tankane vandrar andre stader. EDM er nok ikkje «min» musikk, men spaning må være til stades uavhengig av sjanger. Den umiddelbare reaksjonen min er blanda, då det heile eksploderer som ei bombe i ansiktet mitt. Flotte felemelodiar, synthhooks, samples og MYKJE bass. Mange impulsar her altså.

Det som er av folkemusikk å finne her, er vel og bra. Likevel klarar eg ikkje å la meg overtyde om at dette er ein ny sjanger eg vil henge meg på. Sjølve skjelettet i låtane, nemleg den sprengferdige bassen og perkusjonen skapar driv mens resten av lydmassane druknar. Dette gjer det utfordrande å skilje låtane frå kvarandre. Produksjonen og lyden er det ingenting i vegen med, det let svært og stort sett ryddig. «Tveitaaen» er kanskje platas høgdepunkt, mest fordi det er fengande og vokalen stikk seg endeleg fram. «Worry» set eg også pris på, då melodien er på plass og låta har ein interessant oppbygging.

Som nemnt er ikkje EDM i utgangspunktet min kopp te, då eg synes det ofte vert einsformig. Metaspion skal ha for å gjere ting annleis og for å tore å eksperimentere. Å gjere folkemusikk aktuelt for fleire er eg absolutt med på, men eg trur dette vert for banalt.

3/10 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

Jarand Aga Baas

September 24, 2018 /Jarand Aga Baas
Metaspion, Folktronika Schmolkfonika, Platemelding
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!