Leiaren: For Sant Til Å Være Godt

Illustrasjon: Snorre Log Skage

Illustrasjon: Snorre Log Skage

Året var 2010. Meg og min dåværande kjæreste hadde nettopp raska til oss draumeleiligheita ute på Laksevåg i Bergen, med sjølvaste TV2 newsman Sturla Dyregrov som utleigar. Ho gjekk på kunstskule og eg gjekk på musikkproduksjonslinja på Noroff.

Eg trur me nettopp hadde satt opp tv-en og kobla til Playstation 3 då eit klipp dukka opp på Youtube. John Olav Nilsen & Gjengen - “Hull I Himmelen” Live på Spellemann 2009. Dette måtte eg jo sjekke ut? Eg hadde såvidt høyrt om Bergensbandet frå før - debutplata deira kom jo ut i 2009. Men eg hadde av ein eller anna grunn ikkje gitt dei ein sjanse. Litt rart, med tanke på at eg for ei tid tilbake hadde fått både Joy Division og The Smiths så langt under huda som det gjekk an. John & gjengen burde jo då ha pirra interessa mi før? Uansett: Når eg såg dette liveopptaket skjedde det noko inni meg. Noko som skulle forma musikksmaken min til det den er i dag. Og eg kan spora alt tilbake til dei 5 minuttane det tok å sjå denne fantastiske låta framført live av ein nervøs Nilsen & Gjengen.

Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg trykte på Replay-knappen den dagen der, altså. Eg trur me var oppi 20 gonger. Kjæresten min blei heilt sikkert skitlei. Etter det måtte eg finna ut alt eg kunne om bandet. Det blei ein slags lidenskap for meg i ein lengre periode, faktisk. Tekstane måtte analyserast herfrå til helvete, intervju måtte lesast og debutplata høyrte eg ihjel. Eg hadde allereie nokre tatoveringar på den tida, men tatoveringane til Nilsen gjorde det lettare å ta fleir, eg skal ikkje lyga. Den klassiske Harringtonjakka han brukte ein periode blei også bestilt, i fleire fargar.

Eg trur nok at det var John Olav Nilsen & Gjengen som sparka i gong kjærleiken eg i dag har for musikk på dialekt.

Ein av dei tinga som traff meg rett i sjela med det bandet der var tekstane og språket. Her blei ikkje låtane framført på engelsk, men på norsk. På dialekt, liksom! Bergensdialekt! Eg digga det meir enn eg hadde trudd eg kom til å gjere. “Ikkje Fåkk Med Kjærligheten” sendte meg rett på Let’s Buzz (Bergens feitaste tattoosjappe) der eg tatoverte sangtittelen og eit hjarte på armen. Det måtte berre gjerast. Alt klaffa.

Eg trur nok også at det var John Olav Nilsen & Gjengen som sparka i gong kjærleiken eg i dag har for musikk framført på dialekt. Det blei så nærme, så sårt og så brutalt ærleg at eg blei tvunge til å kjenna på alle kjenslene. I tillegg var eg ganske forelska på den tida, då blei det naturleg nok lettare å relatere til låtar som “Ikkje Fåkk…”, “Diamanter & Kirsebær” og “Piken Med Sviket”. Eg hadde nokon å dela alt med, sant?

Altså, det fins vel liten tvil om at den plata og det bandet har hatt mykje å seie for norsk musikk.

Du lurer kanskje på kvifor eg valte å skriva om dette i ein leiar? Vel, fordi John Olav Nilsen & Nordsjøen skal framføre For Sant Til Å Være Godt i sin vakre heilheit live! Dette blir så nostalgisk og vakkert at eg heilt sikkert kjem til å fella nokre tårer.

Events:

Stavanger: https://www.facebook.com/events/2285547171510059/

Oslo: https://www.facebook.com/events/795533697493389/

Bergen: https://www.facebook.com/events/2227258484254591/

Trondheim: https://www.facebook.com/events/280234272876134/

Veit eigentleg ikkje om eg treng å sei meir. Vil du oppleva ein av dei viktigaste og beste platene i norsk musikkhistorie framført live så møter du berre rett og slett opp, ok?

-Patrick Fardal-