Ein fargerik dose råskap

Oslobaserte Sauropod har vore på radaren min ei god stund, bandet fanga interessa mi etter eg såg ein livesession av «By The Tree». Gitarist og vokalist Jonas Røyengs krampaktige haldning og desperate vokal gjorde utrykket så sjukt levande, noko som vidareførast på denne ferske EPen.

Trioen startar i det kjende med «Square Street», den sarte men standhaftige fuzzrocken er på plass. Miksen av grunge, garage og punk smeltar saman til eit lekkert stykke musikk. Sauropods låtar er gladsinte, rock besett av skadefryd. Balansen mellom eksplosive parti og kjærleg gitarplukking gjev låta bra driv, dette gjeld for øvrig store delar av EPen. Bandet dimmar så ljosa og set i gong nifse «I’ve Seen How You Smile». Eg vil kalle dette ei utradisjonell låt til Sauropod å vere, men makan til fengande! Bass og gitar pumpar leikande framover i eit unisont riff, enkelt men likevel genialt. Eg diggar også når begge vokalane stemmer i på refrenga, det gjev noko ekstra til fleire av Sauropods låtar.

Det har ikkje føregått valdsame endringar i Sauropods leir. Fuzzen held eit stramt men godt grep om desse tre. «Nakata» er ei trufast rockelåt i kjend Sauropod stil. Eg vil nesten tolke den som ei vidareføring av vondskapen og den såre stemninga på «Ripping» frå førre EP. Likevel dukkar det opp spenstige og friske saker som «Fantacid», ei bipolar og forvirrande låt. Sukkersøte vers og knusande refreng går om ein annan og dannar ein slags gal sfære. Rått.

Kjernen i musikken deira er solid, både vokalprestasjonane og riffa treff meg hardt. Med Sauropod 2 har bandet sett sitt snitt til å snuse på rolegare parti og meir tilgjengeleg låtskriving, utan å gjeve slepp på verken hjørnesteinane eller aggresjonen i uttrykket sitt.

7/10 TRYNER!

Jarand Aga Baas