Skov - Voks

Åh, eg elskar Skov. Ikkje berre er dei kule, jordnære karar, men dei er ordsmedar og festskaparar i tillegg. Live er dei rein magi, og på plate er det nesten som å ha dei på ein intimkonsert i stova. Eg skulle jo eigentleg ha dei på plass i Evig Lyttar sitt podcaststudio no snart, men det gjekk ikkje opp for meg denne gongen, så eg ser fram til neste moglegheit!

Men folken. Voks! Det er vanskeleg å beskriva kva Voks gjer med meg. Eg blir utfordra, på ein måte. Den smyger seg liksom inn litt her og litt der, tekstane er aldri “generiske”, og heller ikkje riffa. Du får servert historier som dreg deg inn, pynta inn i spennande lydbilder som endrer seg heile tida. “Ting du kan si til en kompis som føler seg nede” er både mørk og utruleg trygg og fin på same tid. Det er liksom berre Skov som lagar sånne låter. Eg har aldri høyrt det frå nokon andre!

“Ingenting er alt igjen” er også ein fin schlager. “På en måte, var det greit å lære seg å gråte. Når ingenting er alt igjen, er det boom boom bang bang, rusle hjem”. Igjen - tekstane her gir deg meir enn dei fleste andre eg veit om. eg blir slukt opp i det!

Så må det jo seiast at nokre av låtane er utruleg vakre. “Til det går over eller under eller ingensteder” har ein heilt nydeleg stemning i seg, og det samme har “Husker ikke helt om det er sant” er også ein slik ein.

Poenget mitt er at om du treng noko som gir deg meir enn den kvardagslege musikken du høyrer på, så har Skov ryggen din. Dei står klare med serveringsbrettet sitt og gir deg velsmakande greier som utfordrar smaksløkane, og kjem nok også kanskje til å gi deg nokre nye rettar som du aldri trudde du kom til å ete, men som du kjem til å digge!

Nyt!