Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Foto: Hallvard Bruøygard

the IV - same old story

August 22, 2024 by Patrick Fardal in Framside, Låtpremiere

the IV er endeleg attende med ny låt! “I am the moon, you are the sun” traff meg skikkeleg hardt, og historien er den same denne gongen. “Same old story” (23.08) tek oss med vidare inn i Ingvild Nærum sin introspektive reise i ei verd som tilsynelatande blir meir og meir absurd. Denne gongen er det underholdning som er tema, og måten den tek oss i mot når me fluktar frå ein stadig meir overveldande verden og det som skjer rundt oss.

Denne trioen er etter mi meining eit av dei få norske banda som på ekte fangar det eg sjølv meiner er definisjonen på post-punk. Drivande, dominant bass, svevande riffing og mørk vokal. Eg har vore stor fan av sjangeren så lenge eg kan hugse, og dette bandet gir meg akkurat den innsprøytinga eg treng for å pleie kjærleiken til sjangeren.

Om du skal velge ein type underholdning for å flykta frå det som skjer rundt deg, anbefalar eg the IV på det sterkaste. Opplysande, tankevekkande og sterkt. Eg gleder meg masse til å følga dette bandet vidare!

Cover: Henrik Øiestad Myrvold

the IV består av Ingvild Nærum på vokal og trommer, Per Åsmund Reymert på bass og Peter Hiley på gitar. Henrik Øiestad Myrvold har også bidrege på gitar her. Låta er spelt inn på Gullbekken og Simen Hallset står for miks og master.

August 22, 2024 /Patrick Fardal
the IV, Låtpremiere
Framside, Låtpremiere
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!