Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Foto: Karin Welo

Resept - Yellow Teeth

September 13, 2024 by Patrick Fardal in Framside, Musikkvideopremiere

Treng du å tryggast på at dei kreative, unge sjelane der ute ikkje berre lagar tropical house på dataen sin? La meg berre skriva ut Resept til deg på akkurat det, så kan du slappa av.

Resept ja! Eit Oslo/Nesodden-band som består av Johannes Ruud-Holte (17) og Max Rognlien Elgvin (16). Med seg live har dei Olav Kjartan Rostadmo (17, Nedgravd) på trommer og Mode Kjevik (16, Ponyoak) på andregitar og synth. Gjengen serverer det dei beskriv som eksperimentell rock med element av shoegaze, noise pop, cloudrap og punk. ein salig miks der, altså. Låta “Yellow Teeth” kom ut for nokre dagar sidan, og er eit resultat av at dei er “lei av rock, og at dette er det siste desperate forsøket på å puste et nytt liv i den ellers døende musikksjangeren”.

I dag er det duka for premiere på musikkvideoen. Låta er produsert av Resept sjølv, og blir gitt ut gjennom deira eige plateselskap Tryllegang Records og eit anna uavhengog plateselskap Backpack Records. Karane har kloa i mykje rått som føregår i Oslos undergrunn, så min anbefaling er å følgja med vidare. Sjekk også ut Nedgravd og Ponyoak!

Du kan få med deg Resept sitt energiske, fandenivoldske liveshow på VillVillVest i Bergen 7-9.november! Ta turen!

Patrick Fardal

September 13, 2024 /Patrick Fardal
Resept, Yellow Teeth, Musikkvideo
Framside, Musikkvideopremiere
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!