10 år med uavhengig kjærleik og dedikasjon for undergrunnen

I fleire dagar no har eg prøvd mitt beste på å skriva noko i høve 10-årsdagen vår. Eg har gått gjennom Evig Lyttar sin Facebook sidan mars 2015 og til no. Eg har prøvd å telje kor mange me har skreve om, prøvd å finna ut kva høgdepunkt det kunne vere kult å trekke fram, finna alle me har snakka med og kor stort nettverk me har bygd oss. Eg vurderte å telja alle artiklane me har skreve og trekka fram topp 10, men det blir for stort for meg.

Logo: Anders Røkkum

Eg kunne ha fortalt dykk historia om korleis det heile starta - med statusoppdateringar på Facebook om rå musikk og til det første innlegget på bloggen om fantastiske Stormbeist. Om den første logoen som Anders Røkkum laga til oss. Om det aller første skikkelege intervjuet eg gjennomførte - med fantastiske Trånn Ciekals frå Djevel. Kvil i fred, gode mann! Intervjuet fins ikkje lengre, då blogspot har sletta heile kalaset, men den sit framleis langt framme i pannebrasken. Om du er god til å henta fram ting som “ikkje fins på nett lengre”, ta gjerne kontakt. Eg kunne fortalt om det ufatteleg kule intervjuet eg fekk lov til å gjere med Marvin Nygaard over Skype - når eg stamma meg gjennom godt og vel ein time med spørsmål, for eg var så nervøs. Den artikkelen kan du framleis finna. Eg kunne fortalt om Hjerteslag sin intimkonsert for Møhlenpris Motell, som eg blei invitert til. Invitasjonen til å bidra på Bransjevelter back in the day - den aller første Evig Lyttar-trykksaka. Om intervjuet med Geir Bjarte frå NRK om at bloggen hadde stødig vekst. Den første forhåndslytten eg fekk på mail, den første låtpremieren. Intervjuet med Gylve frå Darkthrone, og Lip frå Anvil, eller når eg var konsertfotograf på Bukta-festivalen. Praten med Hallgeir frå Purified In Blood på Youtube. Livesessions med JABBA, Kåte Klør, DANGERFACE og Pur Purè. Eg kunne fortalt om den heftige avisartikkelen i Sogn Avis med tittelen “Rockeprofet i norsk undergrunn” der blant anna Marvin Nygaard og Asbjørn Slettemark delte lovord om prosjektet. Trilogi-serien KVEL EM ALL kunne også blitt nevnt. Der gjekk me verkeleg ned i materien.

Eg kunne fortalt om at Evig Lyttar blei invitert til Fjellparkfestivalen for å dekka kalaset. Det gjekk ikkje heilt etter planen men det var eit minne for livet. Me deltok på radioshowet Doom di Doom, gjesta litt på Tigersjappa sin nettside, fekk skriva gjesteinnlegg på Disharmoni og skriva plate- og konsertmeldingar i Sogn Avis sitt fysiske format. Eg fekk feira 30-årsdagen min på Vaterland med Evig Lyttar-kalas, der Duvel, Cult Member, Sovereign og Norsk Råkk spelte opp til fest med Dj-sett frå Daufødt etterpå.

Eg kunne også nevnt at eg fekk lov til å være DJ på Checkpoint Charlie, og på konsertar med blant anna Kvelertak og Purified In Blood både før og etter gig. Eg blei tilogmed invitert til å skriva eit innlegg i =Oslo på grunn av Evig Lyttar. Hadde det ikkje vore for Evig Lyttar, så hadde eg mest sannsynleg aldri intervjua karane i Brekkjern, og då hadde eg heller ikkje blitt invitert til Stavanger og Tunghørtfestivalen. Då hadde eg heller ikkje flytta dit for å ta utdanning som barnevernspedagog. Og då hadde eg aldri fått vore med på alt det fantastiske som skjedde der. Ei heller hadde eg møtt Eileen, som seinare skulle ta meg til Fredrikstad og bookejobb på TÆPS.

Eg trur poenget mitt er at eg lett kunne ha skreve mykje om alt som har skjedd meg sidan starten, men eg trur det som betyr mest er folka. Alle folka eg har møtt gjennom dette 10 år lange prosjektet - alle som har mønstra både på og av, alle me har møtt på vår veg gjennom den fantastiske, lidenskapelege labyrinten i norsk undergrunnsscene. Alle dei som har donert sine sterke pennar til prosjektet. Her eg sit no kan eg med handa på hjartet sei at ingen anna musikkblekke har hatt eit så sterkt redaksjonsteam, så sylskarpe pennar, så lidenskapelege menneske som det Evig Lyttar har hatt. Det er eg evig takknemlig for.

Her er nokre ord om noverande og tidlegare redaksjonsmedlemmar;

Sondre - ringreven i redaksjonen. Fyren har vore med omlag sidan starten, og er det framleis. Lidenskapen hans og gutsen, ikkje minst tida han har satt av har vore uhorveleg betydningsfull for at skuta har hatt stø kurs heile vegen. Listene hans, pennen, og eigentleg alt han til no har bidrege med har vore fantastisk.

Jarand - Denne nydelege fyren har vore med nesten sidan starten, og er det framleis, sjølv om han nyt god suksess med bandet sitt. Heilt enormt godt øyre og alltid eit godt råd på lur. Fyren er like kul som han er oppteken av nynorsk - noko som har betydd mykje heilt sidan han fann vegen inn i dette kalaset. Elskar det han driv med, og eg diggar han.

Marius - Ein østlending som både har budd i Sogndal OG skriv nynorsk? Blir det betre? Fyren har vore i redaksjonen lenge, og har i si tid vore enormt viktig for at underteikna ikkje skulle drukne i promoar på epost. Denne mannen er eit ja-menneske, og er klar for både alt og ingenting! Gjennomsyra nydeleg fyr.

Åsmund - Om gammaldags punkeånd og DIY hadde manifestert seg som ein person hadde det vore denne mannen her. Han er uredd, kritisk og har levert nokre av dei beste intervjua i Evig Lyttar sin historie. Ein ekte journalist og ein ekte lidenskapeleg fyr som likar å dykke ned i undergrunnen meir enn dei fleste.

Pernille - Pernille kom inn etter å ha blitt “headhunta” av underteikna, og har vore med sidan. Ho er enormt viktig for redaksjonen - ikkje berre fordi ho har rå smak, men fordi ho skriv så ufatteleg bra. Før Evig Lyttar hadde ho ikkje skreve om musikk noko særleg før, og utviklinga har gått rett i taket. Gleder meg til fortsettelsen!

Preben - Preben er like analog som han er kul. Ikkje Facebook og heller ikkje Instagram så vidt eg veit, eller?, men det han manglar i SoMe tek han att i ein sylskarp penn og lidenskap for norsk undergrunn. Fyren leverer til gangs kvar gong, og det er enormt befriande å berre få ein mail med noko nytt han har funne på.

Live - Eit av dei nyaste medlemmane i redaksjonen. Det begynte som ein gjesteartikkel og måtte berre bli fast del! Live tek med seg ein råstor kunnskap om musikk og det å være i band, og ein DIY-spirit som alle kunne trengt litt meir av. Ho skriv på ein måte som fangar lesaren og som gir meg lyst til å skriva meir sjølv.

Bjørnar - denne fyren brakte inn ein heilt enormt sterk journalistikk. Han trylla fram det eine intervjuet etter det andre, ikkje minst intervju fylt til kanten av kvalitet. I tillegg lærte han redaksjonen at det gjekk an å være kritisk på ein måte der ein likevel kunne levera lovord. Ikkje minst ga han podkastprosjektet eit realt spark i tuppen, slik at det blei noko av.

Harald - I tillegg til å vere ein enormt hyggeleg fyr, tok han også med seg eit nytt overblikk i den hardare biten av norsk undergrunn. Han leverte knallgode intervju med både Erlend Hjelvik og Tigersjappa, blant mykje anna.

Irene - den yngste i redaksjonen (trur eg). Utruleg flink fotograf og kunstnarsjel som drog med seg analogt kamera og troppa opp på Tunghørtfestivalen. Sidan då var ho med og tok bilete under fleire intervju, og leverte toppkvalitet av konsertbilete. Uredd, nyskjerrig og botnsolid.

Fritz-Ragnvald - ein ringrev utan sidestykke i norsk musikkmiljø. Denne fyren her var og er ein bauta! Både ein kunnskapsbank og ein idé-smed av rang, i tillegg til å vere ein ufatteleg snill og varm sjel, sjølv om han var ganske skummel på scena med ATTAN, håhå.

Rikke - Eit større glimt i auge skal du sjå langt etter, og ein like skarp penn. Med doom og prog i monitor og ein musikksmak som eigentleg strakk seg over heile fjøla av det norsk musikk hadde å by på var det aldri lett å vita kva ho kom med neste gong - men det var alltid bra, alltid sterkt!

Ørjan - Når du slår opp lyd- og musikk kunnskap i ordboka dukkar denne karen opp. Han kom på ideen om Livesessions på Tou Scene, og ville ha med seg Evig Lyttar på reisa. Alltid skikkeleg kjekt å sjå han i aksjon! Nydeleg mann.

Sarah - Filmskapar og ildsjel av rang. Utan ho hadde det hvertfall ikkje blitt Livesessions på Tou Scene, ei heller den råkule opplevinga på Fjellparken, eller intervju med Hallgeir frå Purified In Blood eller intervju med Vicereine (som aldri blei gitt ut). Ikkje berre brakte ho med seg ufatteleg sterk kunnskap og ståpå-vilje inn i prosjektet, men ho hadde også ein løysningsorientert del ved seg som underteikna gjerne kunne hatt litt meir av. Enormt kjekk person å jobba med!

Jørn - Forutanom å være ein skikkeleg fin fyr, hadde Jørn også med seg ein kunnskap som ikkje ligna grisen, og ein veg inn i undergrunnscena frå ein vinkel me ikkje hadde før han dukka opp. Profesjonell og ivrig sjel, og ein skamsterk penn!

Eirik - svartmetall-karen som trollbandt redaksjonen med illsinte tekstlinjer og ein oversikt over den hardare biten av musikkhistoria. Kort og knallgod affære som godt kunne vart litt lengre!

Berre sjå på den buketten av lidenskap! Heilt utruleg at eit prosjekt som starta så smått har gitt meg lov til å bli kjent med alle dei folka. Heilt ærleg, utan Evig Lyttar trur eg nettverket mitt hadde vore betydeleg mindre.

Så må eg jo også nemna alle som har gjesta oss oppigjennom. Remi Arefjord frå Tirades, Ivar Nikolaisen frå GBZ og Kvelertak, Sivert Moe frå Anger og Fights, Carl Christian Lein Størmer frå blant anna Die A Legend og Nord Mot Nord, Sandra Elise Frantzen frå Gulp Fanzine, Serena Cherry frå Svalbard, Christoffer Öster frå Dödsrit, Lips frå Anvil, Ole S. Nesset II frå Death By Unga Bunga, Timo Silvola frå Barren Womb, Ida Dorthea Horpestad frå Blomst, Line Skille frå Disharmoni, Kristoffer Drivdal, Annika Linn Verdal Homme frå Daufødt, Maria Refsland frå Sliteneliten og Føkkefjord, Harald Harestad frå Kåte Klør, Gard Sviggum Saabye frå Pappasaft og Linda Haug frå Lucky Malice - pluss enormt mange fleir.

Det er eigentleg ufatteleg vanskeleg å få oversikt over alle støttespelarar, bidragsytarar og liknande me har fått treffa opp igjennom. Beklagar på det sterkaste om eg har gløymt nokon her no - det håpar eg at du veit ikkje er meininga.

Målet mitt har sidan starten vore å opprettholda den oppriktige lidenskapen for ukjent, norsk musikk. Litt den der “fanboy”-greia, å pushe musikk som ikkje ellers hadde blitt pusha. Me har fått kommentarar på at me likar alt, og me har fått kommentarar på at me har vore for kritiske. Nokre gonger har me fått beskjed om at me skriv for lite, nokre gonger for mykje. Me har blitt kødda med på Punkenytt - noko eg ser på som ein ære. Poenget mitt er - at etter 10 år held me framleis på kjerna av det som er og har vore viktig for meg; Uavhengigheit, solid musikkjournalistikk og ein kampånd for å pushe det som ligg under overflata! Å feira den norske undergrunnen! Det skal me halda fram med, det kan du vere sikker på.

Det blir feiring i løpet av 2025 på TÆPS i Fredrikstad. Følg med oss vidare for meir info!

Ta deg noko lesk og sjå gjennom nokre blinkskot frå dei siste 10 åra!

Patrick Fardal