You Know Who på TÆPS 26.4
TÆPS, altså. TÆPS var vippepunktet for meg når eg skulle bestemma meg for å flytta til Fredrikstad eller ikkje. Ein plass som kjapt skulle visa seg å gå frå ein kul plass å henge ut til ein plass eg får lov til å jobbe litt med booking. Det har vore ein draum så lenge eg kan hugsa - å få lov til å booke band på ein sånn plass. TÆPS har kjapt blitt heimen vekke frå heimen! Då er det litt kult at mitt gamle liv frå Stavanger kunne koma på besøk i helga som var! You Know Who - ekte rocknroll og ekte fine folk som eg blei så ufatteleg glad for å sjå att! Alt for lenge sidan.
For deg som lurer: You Know Who er eit riffbonanza utan sidestykke og ein fest utan like. Målet til dette orkesteret er å ha det kjekt - å reise tilbake til den tida det svette øvingslokalet var det beste som fantes - utan drama og med tonnevis med lidenskap og spelelyst. Dette viste dei så det smalt på laurdag.
Alle i bandet har lang fartstid i musikken, så eg visste det kom til å bli kalas. Det som var ekte punk denne dagen var jo at ingen av dei kjente lydteknikarane på TÆPS kunne stille denne dagen, så me fekk inn ein ung teknikar på tampen. Det som også var ganske så punkete var at bandet ikkje kunne gønne lydsjekk, for dei kom rett frå Helsingborg rundt 13. Så det blei linjesjekk - resten måtte stillast undervegs når konserten starta kl 18. Dette naila jo denne lydteknikaren uten problem (Takk, Lars!). Ei låt med litt fiksing og skruing, og vi var i gang med ein hinsides rå ettermiddag på byens beste scene.
Eg bannar såvisst ikkje i kyrkja når eg seier at You Know Who har Turbonegro-ånden i seg. Riffa, soloane og den ufatteleg mektige vokalen til Sigvart Waage gir ingen rom for tvil. Men - You Know Who er samtidig heilt i eigen klasse. Låtane kom som perler på ei snor - med morsomme avbrekk der Sigvart atter ein gong viste sin evne til å holde publikum i gong. Det som var ekte kjekt å sjå denne kvelden var kor forbanna kjekt dette bandet har det saman på scena.
Målet med låtane til YKW er jo å skapa stemning. Dei manifesterer helga på den aller beste måten. Den gongen du kjem heim frå ei røff veke på jobb og øla står klar i kjøleskapet. Du veit den lyden når du åpnar den første? Det er You Know Who.
Frå “(Out to) Get Ya!” innom bangeren “She’s A 10 (But She Doesn’t Like Turbo)” til nye-låta “Cheat Codes” som kom dagen før konsert - fest! Og jaggu klarte me å få til ein liten crowdsurf også - Martin tok mot til seg og heiv seg utpå. Gøy!
Kjensla eg satt att med var at konserten endte altfor brått - me skulle hatt meir.
Gleder meg til neste gong denne gjengen dukkar opp i plankebyen! I mellomtida kan du følge med på Evig Lyttar sin podkast - der kjem det noko gull ganske snart.
Eg elskar TÆPS, og eg elskar You Know Who! Jæskla bra miks der, altså.
Patrick Fardal