Häxer - Abra Fakkadabra

Häxer, folkens. Denne energiske bautaen av eit band har eg sett på med haukeblikk sidan eg oppdaga dei når “Heksedans” kom ut i 2024. Jæskla spennande saker! Nokre EP-ar seinare sit me her i dag med debutplata - Abra Fakkadabra.

Eg har ein tendens til å feste musikk eg høyrer til tidlegare opplevingar. Eit eksempel er når eg verkeleg høyrde Kvelertak sin debut på ordentleg; Ute på altanen i Tromsø for fleirfoldige år sidan, på sjølvaste 17.mai. Pils, Pavlova og Kvelertak på full steikande guffe ut mot verda! Her eg sit no får eg akkurat same kjensle. Häxer har litt til felles med tidleg Kvelertak, men dei står likevel heilt på eigne bein. Binusen er at eg får bli ein ung metall-elskar atter ein gong.

Fuckin Witch Punk - seier Häxer sjølv at dei er. Og det stemmer. Dei minnar om mykje, men drysser bitar av seg sjølv over heile linja. Med ein gong du høyrer “5000 Tørre Patroner” får du kanskje ei kjensle av at dette er litt kopi av Kvelertak - men gi det litt meir tid. Ikkje vær ein grinebitar. For Häxer er seg sjølv - tru meg. Dette får du allereie eksempel på i “Brannstifter”, men og spesielt i “En Konkav Måte Å Se Verden På” - her kjem verkeleg witchpunken inn. Syrlige saker som får punkaren i meg til å ville gå fullstendig bananas. “Nihilist Bison” kneftar inn litt thrash inni miksen også. Du får litt svartmetall, litt punk, litt thrash og ein heil dose Häxer her.

“By Og Land” er ei kraftsalve - ein illsint sak som likevel klarar å vere ufatteleg fengande og sterk. For ikkje å snakka om “Natteskrik” som dreg meg rett inn i 80-talets powerballader. Det er dette som gjer bandet så jæsklig bra - dei nyttar seg godt av det som er feitt i musikkens svære labyrint - men dei gjer det på beste Häxer-vis. “Natteskrik” er min soleklare favoritt - eg elskar oppbygninga, stemninga og låta som heilheit. Dette er ei slik låt der du berre får noko nytt kvar gong du høyrer på den- fleire lag som du kan kosa deg gløgg med. Deilig solo og saker.

Denne plata er botnsolid - frå den litt atonale (er det rett å sei?), creepy og litt folkelege introen og vidare inn ei reise i det som gjer Häxer til Häxer - Fuckin Witch Punk.

Eg ser fram til å få denne kaka servert live - eg er heilt sikker på at den smakar ENDÅ betre der.

Patrick Fardal