Haraball - Fear of the plow

Fysisk Format

Omslag: Esra Røise

Eg blei først kjent med Haraball gjennom HYPNO i 2018. Sidan den gong har bandet vore sterkt knytta til The Adolescents for meg; det er noko med den forbaska syrlige vokalen som berre knuser seg gjennom alt utan å overdriva - ein evne The Adolescents har vore ganske så åleina om etter mi meining.

Historia er den same på Fear of the plow, som kom ut i september i år. Her får du berre meir. Meir av det som gjer Haraball så inni helsikes tøft.

Det som er så kult med Haraball er at resten av bandet er like syrlig og røff som vokalen. Heile den pakka gir deg ein følelse av å vere kul. Skikkeleg kul! Fear of the plow gir deg ein halvtime med dei greiene der. Det heile startar med “Pink Tiles” - ein liten luring som startar med noko synthgreier, men som kjapt kastar deg inn i den velkjente Haraball-smørja! Denne gongen er stemninga toppa med ein liten dose Okkultokrati og My Midnight Creeps her og der. Ikkje ille! Det heile blir ein ganske så fin affære til slutt.

Favorittlåta er delt mellom “Clown College” og “Toska”. Men realiteten er jo at det ikkje finst ei dårlig låt på denne plata - ei heller eit kjedeleg parti. Det går kjapt, og plutseleg så er det over. Stemninga sitter i ei god stund etterpå, og dette må nok berre opplevast live. Eg hugser når eg såg Haraball på Tunghørt i Stavanger for nokre år sidan - lurer på om det var i samanheng med HYPNO eg? Det må det jo ha vore. Uansett, låtane fekk ein heilt eigen dimensjon live, og det vil nok Fear of the plow også få.

Høyr på Haraball, sjå dei live og føl deg litt tøff. Det bør du unna deg innimellom alt det håplause som skjer rundtom.

https://haraball.bandcamp.com/album/fear-of-the-plow

Patrick Fardal