Jarand sine favorittar frå 2025
Jaggu greidde me det i år også. Digg.
På slutten av året er det enormt godt å sjå på kor mykje bra som har kome ut, trass eit år med mildt sagt bratte bakkar og sur motvind. I år har nye plater oftare måtte vike for det gode og trygge. Har søkt mykje ly hos gamle kjente som Mark Lanegan og Brent Hinds og elles musikk med mykje kassegitar. Ikkje verst det heller!
Her er mine topp ti norske og utanlandske plater frå året som var. God lesing.
Norske album
1. Marius Lien – Sunset Solace
Ei plate som boblar av kreativitet og songteft i kvar ein streng og strofe. Ikkje berre er Lien ein framifrå gitarist, han er også ein uredd sjangersmed. “Golden Parachute” går endå på repeat hjå meg.
2. King Hüsky – King Hüsky
Ein sjeldan sterk og leiken debut som inviterer inn i eit heimleg og sjarmerande tekstunivers.
3. Honningbarna – Soft Spot
Honningbarna tek musikken på blodig alvor, og godt er det. Sylskarp som Animorphs, men med endå tyngre skyts bak. Gler meg allereie til neste.
4. Hedvig Mollestad Trio – Bees In The Bonnet
Noko av det beste Hedvig Mollestad har gjort. Alltid velbalansert og kløktig komponert.
5. Varpet – Sisu
Lyden av å traske mutters åleine på vidda gjennom alle årets sesongar. Rikeleg med rytmisk moro frå ein særs flink gjeng.
6. Porto Geese – Pop Songs
Dødsfeitt. Får lyst til å kjøpe meg tolv pedalbrett og Jazzmaster med ein einaste gong.
7. CULT MEMBER – GORE
Eg blir på ekte glad av å høyre den intense og presise riffinga her. Brutalt bra.
8. Geir Sundstøl – Sakte Film
Vanskeleg å ikkje smake på sjelero med Sakte Film på øyret. Eg treng at Geir Sundstøl soundtrackar livet i ny og ne.
9. Motorpsycho – Motorpsycho
Godt og blanda frå mange av bandets sjangerflørtar utan å gjenta seg sjølv. Rett og slett skikkeleg stødig.
10. Øyvind Holm – Blue Is The Color Of My Soul Light
Ei solid skive som kom i grevens tid til listesesongen. Øyvind Holm har eit øyre for tidlause melodiar og idear som hektar seg i hjerneborken. “Across Rooftops” er berre ein av fleire slike på den nyaste plata hans.
Utanlandske album
1. Shame – Cutthroat
Allsidig og oppslukande, kvar låt ei ny vitamininnsprøyting. “Quiet Life” står att som ein av årets beste låtar. Mange av platene deira treffer meg men ikkje på langt nær like hardt og akutt som denne.
2. Viagra Boys – viagr aboys
Det mest gjennomførte Viagra Boys har levert. Herleg å bli påmint at god musikk ikkje behøver vere blodseriøs.
3. Jeff Tweedy – Twilight Override
At Jeff Tweedy greier å produsere og ikkje minst halde så jamn kvalitet over nesten to timar er beint fram imponerande. Gripande og nært med friske idear.
4. Ty Segall – Possession
Stilen er meir open og han lenar seg meir på kassegitaren enn fuzzpedalen. Likevel kjem det tydelege nikk til gamalrocken i frisk og flott drakt.
5. Turnstile – NEVER ENOUGH
Meir tolmod, meir synth, meir kjensler. Ein breibeint og større oppfølgjar til GLOW.
6. The Men – Buyer Beware
Rufsete og god punk med mykje karakter.
7. Soklo – Soklo
Synth-gitar-pop-rock med dødskule melodiar og heimesnikra produksjon, heilt nydeleg.
8. Geese – Getting Killed
I høgste grad eit utradisjonelt rockealbum, like fascinerande som det er inspirerande.
9. Chris Staples – Don’t Worry
Høyrte dette ved rein tilfeldigheit og blei opphengt i stemninga som oppstår. Chris Staples er stillfarande og nærmast sjenert i musikken sin og det er nok nettopp derfor at det opplevast så intimt og privat.
10. Clipse – Let God Sort Em Out
Ei av særs få hiphop plater eg har høyrt i år men også den desidert beste. Tungt og tettpakka.
Blanda EP
1. Magnus Berg – Blues Ramen
2. Molly Horses – Clang Clang
3. Fangst – Prøvebilder
4. Elder – Liminality / Dream State Return
5. Jean Mignon – Mignon 7”
6. Repeat – Celebrate
7. New Place – Garden Songs
8. JEFF The Brotherhood, Blanc du Blanc – Magick Songs in Dub
9. Scrote – True Love Will Find You In The End
Jarand Aga Baas
